Eierskap, organisering og formell forankring
Kommunen har vore orientert om prosjektet frå første søknad var skriven og har tre representantar i styringsgruppa; Ordførar, Rådmann og Annbjørg Bue frå landbruksavdelinga. Det er jamnlege møte og kommunen gjer også det meste av det administrative arbeidet i prosjektet.
Bluesbygdprosjektet er basert på allmøter, interesse, engasjement og frivillighet. Innbyggarane i Skånevik har vore invitert med i prosjektet frå starten. Det har vore idemyldring og prosessar. Alle som har villa har vore med i organiserte undergrupper med konkrete fokusområde.
Distriktssenteret meiner arbeidet med lokal forankring i dette prosjektet er eit godt foredøme.
Mobilisering, involvering og medvirkning
Skånevikprosjektet har lukkast med å engasjere eit breitt lag av befolkninga. På oppstartmøtet i 2006 møtte over 350 personar opp, og på andre samlingar har det kome over 400. Det er over halvparten av dei som bur i Skånevik. Det har vore diskutert visjon, overorda mål, delmål, prosess, strategi og vegen vidare. Dette engasjementet har ein teke vare på gjennom å organisere sjølvstyrte undergrupper med konkrete fokusområde. Gruppene vel sine eigne leiarar og har eigne budsjett. Alt arbeidet er basert på frivillighet og sjølvstendig initiativ.
Distriktssenteret meiner at det er jobba svært godt med medverknad og mobilisering i Skånevik. Alle er inviterte med frå starten av og får vere med å påverke. Dette skapar sterk kjensle av ansvarleg medverknad og sosiale arenaer som gjer det inspirerande å vere med.
Kompetanse og menneskelige ressurser
Prosjektleiar Inger Karin Larsen har jobba med med utviklingsprosessar i over 20 år, som næringssjef og konsulent. Ho tilbyr også coaching til bedrifter. Ein av ideane i Bluesbygda prosjektet er å bruke coaching som metode og til no har 22 av ressurspersonane gjennomført dette. Prosjektet ”Bluesbygda Skånevik” var Larsen sin ide for å få ut det utviklingspotensialet ho meinte Skånevik hadde. Ho har vore prosjektleiar i heile perioden i tillegg til jobben som hotelldirektør og coach.
Prosjektet er organisert med 13 arbeidsgrupper som har lokale ressurspersonar som leiarar. Gruppene er sjølvstyrte med eigne budsjett, fokusområde og målsetjingar.
Distriktssenteret meiner at prosjektet har vist at det har god kompetanse og gjennomføringsevne. Organisasjonsmodellen medfører brei lokal medverknad og ansvarleggjering, samstundes som den frigjer prosjektleiaren frå mykje rutineprega oppfølgingsarbeid slik at ho kan bruke kreftene på å inspirere og tenke langsiktig strategi.
Kommunens rolle
Etne kommune har vore positive til prosjektet frå starten og har bidrege med midlar i fleire omgangar. Kommunen har tre medlemmer i styringsgruppa; Ordførar, Rådmann og Annbjørg Bue frå landbruksavdelinga. Det er jamnlege møte. Kommunen bidreg også med å gjere det meste av det administrative arbeidet i prosjektet, m.a. alle inn- og utbetalingar.
Distriktssenteret meiner at Etne kommune er ein god medspelar i prosjektet. Vi registerer likevel at kommunen ikkje er særleg opptekne av å framheve ”Bluesbygda Skånevik”, som den suksessen det er, i sitt eksterne arbeid. Verken på heimesidene til kommunen eller i andre samanhengar.
Fylkeskommunens rolle
Hordaland fylkeskommune prioriterte Bluesbygd prosjektet til Småsamfunnssatsinga til KRD i 2006. HFK har sidan følgd opp med å løyve sin del av midlane til prosjektet. Prosjektet har no inne søknad om midlar til å forlenge prosjektet ut 2011 hos HFK.
Målformulering
Målet som vart formulert i den første prosjektsøknaden til ”Bluesbygda Skånevik” var enkelt og tydeleg – å skapa tilflytting til bygda. Dette skulle gjerast gjennom å utvikle eksisterande bedrifter og etablere nye, samstundes som ein ville gjere Skånevik til ein plass der det er godt å leve og bu ved å styrke servicetilbodet og det eksisterande lag- og organisasjonslivet. Ein sentral ide var å bruke den positive merksemda frå eksisterande Skånevik Bluesfestival til å lage ein bluesprofil for bygda. Hovudmålet har sidan vorte vidare utvikla til delmål, tiltak og dugnadsprosessar der store delar av bygda har vore involvert i arbeidsgrupper med kvar sine fokusområde og resultatmål. Etter kvart som enkelte mål er nådd har ein sett seg nye mål og starta nye delprosjekt.
Distriktssenteret meiner ”Bluesbygda Skånevik” har hatt gode prosessar med målformulering og arbeidet med å bryte visjonar, tankar og idear, ned til konkrete mål og tiltak. Gjennom å opprette fokusgrupper med kvar sine klart definerte mål har ein oppnådd både medverknad på brei front og raske resultat i arbeidet.
Resultat og effekt
I perioden 1999 – 2006 gjekk folketalet i Skånevik ned med 6.5 %. Etter tre år med Bluesbygdprosjektet har folketalet i Etne kommune gått opp med 28 personar i 2009, ifølge SSB. Såleis må det ambisiøse målet om å skape tilflytting seiast å væra nådd. Vidare er 14 er bustadtomter selde i Skånevik, det er starta fleire nye bedrifter og Skånevik Bluesfestival har fått selskap av 3-4 nye festivalar med godt publikumsframmøte. Likevel er det viktigaste resultatet av småsamfunnssatsinga ei holdningsendring og ny stoltheit i bygda ifølge prosjektleiar Inger Karin Larsen.
Distriktssenteret meiner at bluesbygdprosjektet kan vise til framifrå resultat og at her er mykje å lære og la seg inspirere av for andre bygder i liknande situasjonar.
Nyskapning og kreativitet
Det er ikkje tvil om at prosjektet har utløyst mykje kreativitet og nyskapande krefter i Skånevik. Bedrifter er etablerte, gamle tomter er rydda og selde til ungdom, det er starta fleire festivalar, reiselivet er revitalisert og ein har engasjert seg i samferdsledebatten, for å nemne noko. Det har skjedd ei haldningsendring blant innbyggjarane i bygda og mange er engasjerte i frivillig arbeid og korleis ein skal utnytte det mulighetsrommet som er skapt . Organisasjonsmodellen i bluesbygdprosjektet er også nyskapande, med sjølvstyrte arbeidsgrupper og kommunen som sekretariat.
Distriktssenteret meiner det er gjennomført svært gode og kreative prosessar i Skånevik som har endra haldningane i bygda for lang tid framover.
Publisert: 19.05.2010 Endret: 30.11.2012