Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Agro Business Park

Agro Business Park vart starta opp saman med lokale drivkrefter i Gloppen v/ faglag og organisasjonar til landbruket. Prosjektet har hatt nært samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si landbruksavdeling, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sogn og Fjordane skogeigarlag, FoU Tine, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og SIVA.

Ein studietur til Danmark med faglaga i landbruket i Gloppen, Gloppen kommune v/ landbrukssjefen, næringshageverksemder og Norsk landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane, var startskotet for å skipa Agro Buisness Park.

Ein fellesnemnar i ABP-prosjektet er å få samle eksisterande fag- og produsentmiljø for betre å nytte ressursane i landbruket. Auka samarbeid i og mellom landbruket og anna næring kan utløyse gode synergiar. Det er gode eksempel på dette i prosjektet. Styringsgruppa i ABP er breitt samansett av personar med bakgrunn frå landbruket, landbruksorganisasjonar og næringslivet elles.

ABP vart i 2006 ein av pilotane i Kommunal- opg regionaldepartementets (KRD) Småsamfunnssatsing, etter at det i 2006 ble gjennomført ei forstudie for å kartlegge relevante kompetanse ressursar i regionen.  Pilotprosjektet skulle  etter planen bli avslutta i løpet av 2009, men fekk ei tilleggsløving for å koma fram til ei ny og permanent organisering gjennom ein SA-modell. d

Satsinga så langt har vore:

ABP Bioenergi Informasjon og Motivasjons-program for utskifting av oljebasert oppvarming i større verksemder til bruk av pellets og flis som energiberar.

Fjordenergi AS Den 3. april 2007 vart det etablert eit nytt selskap: Fjordenergi AS,  som skal sikre at produsentane frå småkraftverka i regionen får best mogleg pris på straumen dei sel. Dette segmentet på kraftmekling er krevjande og stiller høge krav til kompetanse for å få best moglege prisar og avtalar. Selskapet har tilsett ein kraftmeglar. Aksjekap. er kr. 260.000 og eigarane produserer i dag 100 GWh. Målsetjinga er minimum 500 GWh i porteføljen innan 2012.  Nordvestlandet er definert som vekstområde.

I tillegg til å arbeide for at småkrafteigarane set att med fleire kroner ved sal av krafta si, er det også eit stort potensial å redusere kostnader med drifts og vedlikehald av kraftstasjonane.

Overskotet frå sal av straum frå småkraftverka er etter kvart ein del av bygdeøkonomien og eit dermed grunnlag for busetjing og utvikling. Det nye selskapet skal og ha fokus på korleis ein kan investert kapital lokalt og på denne måten plassere overskotet på kraftproduksjonen.

Aksjonærane til selskapet er småkraftverks-eigarar, og næringshagen har gått inn med ca.10% av aksjekap. for å opprettehalde nettverket. Satsinga Fjord Energi AS avspeglar godt målsetjinga til ABP om at det er produsentane som skal sitje tilbake med mest mogeleg av verdiskapinga.

Dette vart den første etableringa i ABP der faglaga er aksjonærar og Sandane Næringshage er inne med 10% eigarskap. ABP Bygdeservice er etablert med felles dagleg leiar i avløysarkontoret i næringshagen. Prosjektet har hausta gode synergiar av felles nettverk saman med avløysarkontoret. ABP Bygdeservice er grunnlagt for å gje bønder som har ledig arbeidskapasitet og maskiner til å utføre div. arbeid som linerydding for Sogn og Fjordane Energiverk, vegkantslått for vegvesenet, felling av vanskeleg tre i private hagar og liknande arbeidsoppgåver.

ABP Opplevingsturisme Innanfor satsinga på ABP opplevinsturisme har vi fått med sentrale aktørar både frå fylkesnivå og destinasjonsselskapet i Nordfjord i styringsgruppa.Det er  jobba med følgjande satsingar: 1.Kvalitetsikring av tilretteleggingar på overnatting og aktivitetar for funksjonshemma. 2.Naturbaserte aktivitetar og etablering av nytt aktivitetsselskap. 3.Utleige av støylshus: Prosjektet gjennom to sesongar tilbydd utleige av stølshus i kommunen. Det har vore jobba med kvalitetstandardar og prisvurdering. Stølshusa vert utleigd via Bygdeservice AS, som er lokalisert i Næringshagen og gjennom Reisemål Stryn&Nordfjord. Det vert og jobba med vandreruter i tilknyting til desse stølane og nytt turkart for Gloppen. Målet er å få fleire stølshuseigarar med vidare, og skape meirsal ved sal av opplevingsaktivitets-pakkar og lokal mat/drikke. www.stølsferie-nordfjord.no

”ABP Inn på tunet” Inn på tunet er eit utdanningstilbod knytta til skulen, eller eit aktivitets- og arbeidstreningstilbod gjennom helse- og omsorgstenesta. Aktivitetane i tilbodet byggjer på garden og bonden sine ressursar, og er tilrettelagt i forhold til målgruppe/brukar.

Her var ABP prosjektkoordinator og starta opp prosjektet der Gloppen kommune kjøper tenester av bonden og bonden er tenesteleverandør. Dette er eit 3-årlig utvilingsprosjekt i samarbeid med Fylkesmannen sin landbruksavdeling, kommunen og ABP . Prosjektet er pilot for Fylkesmannens landbruksavdeling for å utvikle eit tilbod for demente. Gloppen kommune tok over prosjektet i 2009 og er ansvarleg for drift og vidare finansiering. Gloppen kommune har tilsett spesialutdanna sykepleiar innan fagfeltet demens.

”Frukt, bær Nordfjord rundt” Prosjektet set fokus på tiltak for å auke lønsemda til frukt- og bær-produsenten i Nordfjord. ABP samarbeider med produsentane og lokale reiselivsaktørar i Nordfjord for å utvikle nye produkt og tenester. Design og merkevarebygging rundt namnet NORDFJORD er sentralt arbeid i dette. Innvik Fruktlager og Gloppen Produsentlag har saman med ABP fått tildelt midlar hjå Fylkesmannen sin landbruksavdeling for å få sett i gong utviklingsarbeidet.

I tillegg til å bygge opp eit samarbeidsnettverk i Nordfjord, har ABP utført ulike studieturar og kompetansehevingstiltak for bønder og produsentar. På produktutvikling-sida har det vore mest fokus på eplesaft, eplesider og plommebrennevin.


Publisert: 19.05.2010    Endret: 27.05.2011