Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Betydningsfull bolig for fremtidens øysamfunn

Utsira og Røver klarer å trekke til seg nye øybuarar. Men å finne ein stad å bu, er svært vanskeleg.

Det er den viktigaste erfaringa frå Småsamfunnsprosjektet Utsira og Røver (2006-2009). Når eldre folk dør, blir husa ofte overtekne og brukte som feriehus.Manglande bustadutvikling blir difor sett på som den største hindringa for å skape robuste framtidige øysamfunn. Prosjektet "Betydningsfull bustad for framtidas øysamfunn" søkjer løysingar på denne bustadutfordringa. Haugalandet Vekst IKS er prosjekteigar, medan arbeidet blir drive gjennom eit arbeidsutval med medlemmer frå tiltaksnemnda på Røver og tilflyttingsgruppa på Utsira.

Hovudmåla er auka bustadetablering og auka næringsutvikling gjennom styrkt busetting. Prosjektet fekk i 2010 kr 500 000 i støtte frå Bolyst-satsinga og fekk tilsagn om regionale utviklingsmidlar frå Rogaland fylkeskommune. 2010 var eit oppstartsår, med fokus på formell etablering, planlegging og tilsetting av prosjektleiar. Det blei også gjennomført studietur til Utsira og Røver, der Husbanken deltok i møter med kommuneadminstrasjonen, det politiske miljøet og innbyggjarane elles.

I 2011 har prosjektet hatt fokus på å gjennomføre brukarundersøkingar med føremål å kartlegge bustadbehov for ulike målgrupper, i ulike livsfasar. Ei tredelt undersøking, med mål om ferdigstilling hausten 2011, er utarbeidd:

  • Kartlegging av bustadbehov for innbyggarar på Utsira og Røver. Gjennomføring med fokusgrupper på dei to øyane.
  • Gjennomføring av bustadevaluering blant utflytta øybuarar. Dette er ei kvantiativ undersøking for å samle informasjon om evt. bustadbehov i målgruppa, dersom tilbakeflytting. Evalueringa vil også berøre motiv og føresetnader relatert til busetting på dei to øyane.
  • Gjennomføring av ei bustad- og reiselivsevaluering hjå målgruppa innbyggarar på Haugalandet. Dette er ei kvalitativ undersøking som skal gje informasjon om kva haldningar innbyggarar på Haugalandet har til Utsira og Røver som bustad og reisemål.

Det er også planar om å utvikle ei stadanalyse for Utsira, med fokus på bustadutvikling. Eit utkast til slik stad- og mulegheitsanalyse ligg føre og målet er å ferdigstille denne i etterkant av brukarundersøkinga, for  få inn relevant informasjon frå kartlegginga. Samla vil dette gje eit breiare grunnlag for vidare beslutningar,som vidare arbeid med kommuneplan- og næringsplan for Utsira. I løpet av 2011 er det også starta arbeid med ein kommunikasjonsstrategi for ledige bustader og/eller tomter. Denne skal følgjast opp gjennomgåande i all aktivitet som skjer i prosjektet.

Eit vidare mål for arbeidet er å utvikle ein bustadmodell for prøvebustader/utleige, i samarbeid med Husbanken og/eller eit bustadbyggelag. Prosjektet har også etablert dialog med prosjektet "Flytt til LivOGLyst i Sunnhordland", som også har eit prøvebustadkonsept under prosjektering.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.


Publisert: 23.11.2010    Endret: 27.12.2011