”Bridge over troubled Water” er eit mangfaldig, treårig utviklingsprosjekt med utgangspunkt i kommunesenteret Bruhagen. Prosjektet starta opp i 2010 og har tre innsatsområde:
- Fysiske omgjevnader
- Bu- og næringsutvikling
- Eit levande sentrum.
Sentralt i prosjektet står Drivhuset kultur- og næringshage, som skal satse spesielt på kulturnæringar. I tillegg handlar ein del av prosjektet om å inkludere arbeidsinnvandrarar i regionen, med sikte på at dei kan busette seg meir permanent. Det finst mange arbeidsinnvandrarar frå baltiske land og Aust-Europa i kommunen. Drivhuset næringshage skal rettleie desse i høve til å etablere eiga verksemd, tilby språkopplæring og gje informasjon om lokalsamfunnet. Målet er å inkludere innvandrarar som ein ressurs i lokalsamfunnet.
Prosjektet er tildelt 3,7 millionar i Bulystmidlar i 2011.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.
Publisert: 19.09.2011 Endret: 18.11.2011