Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Fargesetting av fasaden i Vangsgata

Vangsgata på Voss har fått miljøgateprofil og nymåla husfasader. Det er resultat av eit økonomisk spleiselag mellom Voss kommune, huseigarar og lokalt næringsliv.

Fargesetting av fasaden i Vangsgata på Voss har vore eit prosjekt med sterk kopling til Voss kommune sitt arbeid med stadutvikling, gjennom Miljøgateprosjektet frå 2003. Det overordna målet for stadutviklingsarbeidet har vore å gjere Voss til ein triveleg stad for fastbuande og tilreisande.

Voss kommune kom i 2007 med i det statlege stadutviklingsprogrammet BLEST. Programmet har, med økonomiske midlar og kunnskapsutvikling, støtta oppunder stadutviklingsplanar og prosessar, i ei rekkje kommunar. I prosjektet i Voss var målet å fargesette husfasadane i Vangsgata, etter fargeplan utarbeidd i Miljøgateprosjektet. Dette blei definert som eit av fleire signalprosjekt i BLEST, der kjenneteiknet er at tiltaket har vore begrensa til konsentrert innsats mot enkeltgater, torg eller bygningar. Opprydding i skilt, ombygging av baldakinar og andre fasadedetaljar har også vore del av dei planlagde tiltaka i Voss. Å gjere Vangsgata kjent for harmonisk fargesetting basert på tilpassa fargebruk frå gjenreisingstida, har vore ei konkret målsetting.

Arbeidet er gjennomført i samarbeid med Voss kommune og Vossevangen huseigarlag, med eit økonomisk forpliktande spleiselag i botn. Huseigarlaget har fungert som eit koordinerande ledd, men dei økonomiske avtalane er inngått mellom den enkelte huseigaren og Voss kommune. Ei arbeidsgruppe har planlagt arbeidet, med tiltaksplan, avtalar og framdrift. Huseigarane har vore ansvarlege for sjølve gjennomføringa av tiltaka, i tråd med avtale mellom kommunen og kvar enktelt huseigar. Nær alle huseigarane i Vangsgata har vore del av samarbeidet.


Publisert: 20.05.2010    Endret: 13.04.2011