Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Hamarøy, den friskaste kommunen i landet


Med utgangspunkt i Hamsunsenteret som vekstimpuls skal ein legge til rette for kulturbasert næringsutvikling. Dei skal og arbeide med folkehelse og stadutvikling. Kommunen er inne i ei god utvikling, mellom anna med utgangspunkt i etableringa av Hamsunsenteret. Dette vil kommunen byggje vidare på i dette prosjektet. Kommunen står overfor eit generasjonsskifte, dei treng mange nye tilflyttarer i åra som kjem. I tilflyttingsstrategiane vil dei bruke stadutvikling, mellom anna tilrettelegging for bustadbygging,  kultur og eit aktivt, førebyggjande folkehelsearbeid som agn.

Prosjektet fekk tildelt 2 000 000 i bulystmidlar i 2010.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.


Publisert: 17.11.2010    Endret: 20.12.2011