I Nordland har det vore eit særleg sterkt fokus på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til dei mange kommunane i fylket.
Herøy kommune arbeider heilskapleg, konkret og målretta med temaet integrering og inkludering av tilflyttarar. Dette er eit prosjekt som vil ha positive effektar for lokalsamfunnet som heilskap, i tillegg til meir stabil arbeidskraft og meir stabilt bustadmiljø. Prosjektet set fokus på opne, inviterande aktivitetar og gründarkultur.
Prosjektet er tildelt 1,7 millionar i bulystmidlar i 2011.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.
Publisert: 17.11.2011 Endret: 17.11.2011