Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Kystarven

Fem kystkommunar lengst vest i landet vil gjere kystarven, i form av sjøfuglar, lyngheiar og beitemarkar, synleg og til ein ressurs for regionen.

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen, betre kjende som HAFS-regionen, samlar seg i kampen for å ta vare på naturarven dei har rundt seg. Ein arv som står i fare for å gro att, eller bli tilgrisa med søppel frå skipstrafikk.

Rydde opp og gjere kjent

Sjøfuglområda er verna. Det er også landskapstypane kystlynghei og naturbeitemarkar. Utfordringa er å ta vare på, og ta denne kystarven i bruk. Beiting og rydding langs strendene skal gjere området til ein ressurs for regionen; både kulturelt, sosialt, miljømessig og økonomisk.

Kystarven som profilbyggjar

Prosjektet vil finne ut om auka kunnskap om verdiane i kystarven, samarbeid og vedlikehald kan føre til ein felles profil for utviklinga av området.

Det lokale næringslivet, innbyggjarane og vernestyresmaktene samarbeider om konkrete tiltak som tilrettelegging, og ønskjer å skape eit felles eigarskap og forståing for kystarven.

Modell for søppelrydding

Internasjonal skipstrafikk i Nordsjøen legg att synlege spor – i form av søppel. Langs dei sørvende vikene og strendene i verneområda, finn ein mykje søppel som ikkje blir brote ned i naturen. Stadig meir plast og nylontau skyller i land, og blir liggjande til nokre plukkar det opp. Prosjektet ønskjer å finne ein lokalbasert, bærekraftig modell for å rydde søppel i utsette verneområde.

Skaper nye produkt

Gjennom vedlikehald av naturen, mellom anna tilrettelegging av 100 turstiar, ønskjer kommunane å skape grunnlag for utvikling av naturbasert reiseliv og nye opplevingsprodukt. Kunnskapen om artane i verneområdet er mangelfull. Difor er kartlegging av miljøtilstanden i verneområda og oppdatert artsliste, prioriterte oppgåver.

Målet er eit landskap folk kjenner til, som dei er stolte over og som resulterer i nye naturbaserte opplevingsprodukt.


Publisert: 12.07.2011    Endret: 16.08.2011

Utsyn over deler av kystarvområdet, med Sørværet naturreservat og Solund i bakgrunnen

Utsyn over deler av kystarvområdet, med Sørværet naturreservat og Solund i bakgrunnen (Foto: Roar Werner Vangsnes)