Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Kommunen ønskjer ei heilskapleg og langsiktig satsing på auka verdiskaping rundt dei 14 verneområda. Prosjektet skal bidra til næringsutvikling i tilknyting til verneområda, samstundes som naturverdiane blir ivaretekne.
Nasjonalt ansvar og utfordringar
Området for prosjektet strekker seg over om lag 1405 kvadratkilometer; alt frå karrig brelandskap og dei høgste toppane i Nord-Europa, til frodige seterdalar prega av beitebruk gjennom generasjonar. Kulturminna er mange og av nasjonal verdi.
Kommunen er eit vekstområde for turisme; Sognefjellsvegen, Urnes stavkyrkje (på verdsarvlista til UNESCO), vandring på Jostedalsbreen, kajakkpadling i Sognefjorden og gardsbesøk er nokre av høgdepunkta.
Definerte arbeidsoppgåver
Randområda skal leggjast til rette for auka bruk. Nettverk mellom etablerte og nye aktørar i næringslivet skal utviklast, og kvaliteten i produkta skal aukast. Grunneigarane skal involverast i større grad. Prosjektet skal auke kunnskapen om verneverdiane.
Prosjektet vil mellom anna gjennomføre kompetansegivande studietilbod innafor ”Naturveiledning, reiseliv og entreprenørskap”. Ein vil utvikle Breheimsenteret som ein nasjonal læringsarena for verdiskaping i verneområde, og gjennomføre undervisningsopplegg i grunnskulen der fokuset blir retta mot naturarven.
Andre aktuelle aktivitetar er å utvikle felles nettportal for alle verneområda i kommunen, og byggje opp merkevarer innafor natur- og kulturbasert næring.
Hjelpe fram private aktørar
Prosjektet skal stimulere og assistere private aktørar som ønskjer å utvikle og drive nye tilbod i tilknyting til naturområdet. Det kan vere gjennom utleigeordningar for støls- eller utmarksbygningar, eller at at bønder med beitedyr i verneområde, kan foredle kjøt med eige varemerke. Det kan vere å vidareutvikle leirtilbod til ulike grupper av barn og unge, og lage gode observasjonsplassar for fuglekikarar.
Publisert: 12.07.2011 Endret: 16.08.2011