I Fjaler har det internasjonale og kunst og kultur vore dei berande elementa i stadutviklinga gjennom mange år. Fleire personar med bakgrunn i kunst- og kulturnæringa har funne dette miljøet attraktivt.
Vidareutvikling:
Fjaler kommune ynskjer å utgreie potensiale for vidareutvikling av kulturnæringa i kommunen, med sikte på å gjere Fjaler til ein attraktiv produksjonsstad for kunst- og kulturproduksjonar.
Problemstilling:
Fjaler kommune opplever etterspørsel etter eigna lokale til arbeidsplassar innafor kulturnæringa. Kommunen kjenner til at fleire ynskjer å etablere seg i kommunen og ha sin faste arbeidsplass og bustad her. Fjaler kommune ynskjer å tilby lokale og byggje opp eit nettverk som kan skape eit miljø som tiltrekkjer fleire kulturetablerarar.
Status:
Sentralt i dette arbeidet er firmaet Sandsund /Lie - teaterregissørar som arbeider med etablering av produksjons- og prøvelokale for scenekunst. Dei har sin faste base i kommunen – men opplever som andre innanfor næringa at ein treng tilrettelagde lokale for å gjennomføre inntektsgjevande prosjekt. Kommunen ynskjer å bygge opp prøvelokale med høg kvalitet som vil sikre profesjonelle produksjonar og kan leigast ut til andre (scene)kunstprodusentar i Noreg.
Kommunen tek også sikte på å styrke verdiskapinga innanfor andre fagfelt i kunst og kulturnæringa.
Forprosjekt:
- kartleggje behov og ressursar gjennom dialog og samhandling
- kartleggje grunnlaget for samarbeid på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan
- lokalisering, kostnadsrammer og organisering
- kartlegging av finansieringskjelder
- utarbeide prosjektplan og søknad for hovudprosjekt, og finansiering og økonomisk grunnlag for vidare drift.
Forprosjektet fekk tildelt 200 000 i bulystmidlar i 2010. Forprosjektet vert avslutta med ein hovudsøknad til Kommunal- og reginoaldepartementet og andre aktuelle finansieringskjelder. Hovudprosjektet er tildelt 1,8 millionar i bulystmidlar i 2011.
Fjaler kommune er inne i ein spennande fase med mange ulike etableringar, mellom anna ei stor industrisatsing. Det vil i løpet av 2010 også bli oppretta eit fond som resultat av fusjon av den lokale banken med ein større bank. Nyskaping gjennom kunst- og kulturnæringa vil vere eit viktig satsingsområde for tildelingar gjennom dette fondet.
Kartleggingsarbeidet i regi av prosjektet blir ein viktig del av oppgåva med å synleggjere korleis kommunen kan leggje til rette for kulturnæringa framover. Dei ser at mange vel nettverk og organisasjonsmodellar som klyngjer, inkubatorar og næringshagar. Kommunen ser det som viktig at dei gjennom samhandling og dialog i forprosjektet finn lokale løysingar som kan styrke Fjaler sitt omdømme som produksjonsstad for kunst og kultur.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggjande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet. Presentasjonen inneheld difor mindre informasjon enn omtalen av andre lokale utviklingsprosjekt.
Publisert: 24.11.2010 Endret: 20.12.2011