Reisemål Stryn og Nordfjord (RS&N) vart skipa i 1997 og består av kommunane Stryn, Eid, Selje, Hornindal, Vågsøy og Gloppen. Reisemålsselskapet har ein tredelt struktur kor dei sel reiselivsprodukt lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei har fleire samarbeidspartnarar, blant anna Fjord Norge AS og Innovasjon Norge.
RS&N er opptekne av å vere eit fellesorgan for reiselivsnæringa i regionen og eit verktøy som kan skapa verdiar for næringslivet. Forretningsideen bygger på at selskapet skal samordne marknadsføring, informasjon, sal og produktutvikling som skal gjere næringa i Nordfjord meir lønsam. Dei tilbyr tenester som bransjesider på nett, nyheitsbrev, medlemsmøte, online booking, kurs- og kompetansehevingstiltak og dei deltek på Nordfjordrådet sine møte når det er aktuelt. Samstundes er dei koordinator for pressebesøk, driv turistinformasjonar og gjer medlemmane synleg i publikasjonar og på internett.
Ei av årsakene til at dei har eksistert så lenge, er eit langsiktig og godt samarbeid med reiselivsnæringa, Nordfjordkommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Samspelet i regionen og langsiktige avtaler med Sogn og Fjordane fylkeskommune, dialog med medlemmer, kommuneadministrasjon og politikarar i Nordfjord har vore viktig. I arbeidet med handlingsplanen for 2011 har dei teke omsyn til regionen og aktørane sin nosituasjon, framtidige satsingsområde og samsvar med fylkesplan og landsdelsplanar for å utnytte ressursane best mogleg.
Publisert: 17.03.2011 Endret: 13.07.2011