Prosjektet skal etablere Sykkylven som kommunen for skaparglede. Identitet og omdømme skal byggje opp under dette, slik at Sykkylven blir sett på som eit attraktivt lokalsamfunn for dei med skaparglede. Gjennom prosjektet ønskjer Sykkylven mellom anna å oppnå at næringslivet tiltrekk seg kompetanse med skaparglede som kan vidareutvikle verksemdene. Prosjektet legg og vekt på at folk frå Sykkylven kan vere stolte av lokalsamfunnet og at born og unge blir medvitne om skapargleda i Sykkylven.
Prosjekteigar er Sykkylven Næringsutvikling AS.
Prosjektet er tildelt 200 000 i Bulystmidlar til forprosjekt i 2011.
Dette prosjektett er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.
Publisert: 16.09.2011 Endret: 07.11.2011