Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Småbruksprosjektet i Valle

Småbruksprosjektet skal bidra til at minst 10 fråflytta bruk i Valle får fast busetting.

I Valle kommune er det registrert omlag 100 små og store småbruk utan fast busetting. Nasjonale undersøkingar har vist at mange kan tenkje seg og kjøpe og flytte til slike småbruk. Men sjølv om dei står tomme og uutnytta, er dei ofte vanskelege å få kjøpt.

Småbruksprosjektet i Valle skal bidra til at fråflytta småbruk får fast busetting og at dei som flytter hit finn seg arbeid, eller har med seg sin eigen arbeidsplas. Prosjektperioden er frå hausten 2009 – 2012, med mål om å bidra til at minst 10 fråflytta bruk får fast busetting. Prosjektet er basert på frivillig medverknad.



Publisert: 02.12.2010    Endret: 24.02.2011