Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Sørnorsk kystnatur

Fire agderkommunar samarbeider om å gjere Listerkysten meir tilgjengeleg, aktørane meir profesjonelle og kulturhistoria meir synleg.

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Farsund, Flekkefjord, Kvinesdal og Lyngdal står bak prosjektet ”Sørnorsk kystnatur”, som skal stimulere til verdiskaping i og ved verneområda ved kysten i Listerregionen. Området skal bli arena for forsking, bygging av kompetanse og formidling av kunnskap.

Natur og reiseliv

Natur og reiseliv skal vere i fokus, og eit mål er å få fleire til å besøke regionen, skape nye produkt for reiselivet og ta betre vare på naturkvalitetane.  For å nå dette målet skal aktørane i den lokale reiselivs- og landbruksnæringa bli meir profesjonelle.

Kursar naturlosar

Tilbodet av guida turar, formidling og undervisning skal aukast. For å lukkast med det skal ein kurse naturlosar og overføre kompetanse gjennom forsking.  Etablering av møtestader og kunnskapsmiljø er viktig for betre samarbeid.

Meir samarbeid på tvers

For å auke gjensidig forståing for vern og potensiale for bruk, er det viktig med betre kommunikasjon og samarbeid mellom forvaltningsstyresmaktene, reiseliv - og landbruksnæringa. Ulike samarbeidsformer mellom desse miljøa og kompetansemiljø vil bli prøvd ut.
Heilt konkret vil det bli lagt til rette for fugleturisme, betre informasjon og lettare tilgang til øyar i skjærgård i landskapsvernsområde, og tilrettelegging av turstiar og utkikspunkt. Prosjektet vil også vidareutvikle Nordbergkonferansen som møtestad for næringsliv, forvaltning, forskarar, grunneigarar, kommunar som stimulans til lokal verdiskaping med utgangspunkt i natur.


Publisert: 12.07.2011    Endret: 16.08.2011

Frå Lista fyr er det eit flott utsyn over rullesteinane og sandstrendene med eit velpleid kulturlandskap like innanfor.

Frå Lista fyr er det eit flott utsyn over rullesteinane og sandstrendene med eit velpleid kulturlandskap like innanfor. (Foto: Roar Werner Vangsnes)