Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Sykkelturisme i Saltdal


Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Hovudmålet er å etablere ein sykkelsti frå innfallsporten Saltfjellet – Svartisen nasjonalpark ved Lønsdal togstasjon, ned til Storjord og vidare mot Rognan.

Gjennom arbeidet skal ein ivareta naturarven, samstundes som ein gjer naturen meir tilgjengeleg. Det skal også drivast aktiv naturformidling, og skape ei plattform for økoturisme.

Sykkel og tog

Det er mogeleg å ta tog langs strekninga, og hoppe av eller gå på, ved ulike stasjonar. Ved ei slik tilrettelegging kan ein ta sykkelturar av ulik lengde og vanskegrad.

Prosjektet legg mellom anna opp til aktiv formidling av natur- og kulturverdiar i området, både langs stien og gjennom formidlingsprogram for skular, reiseliv og andre. Naturmangfaldet i området skal kartleggjast, og ord som produktutvikling, merkevarebygging og marknadsstrategi er sentrale for å styrke og gjere satsinga kjent.

Fisk, bær og sopp

Saman med nasjonalparken er Storjord i Øvre Saltdal ein av dei mest besøkte utfartsstadane i regionen. Saltdalselva er ei kjent lakseelv, og Saltdal er eit område med mykje bær, sopp, jakt og fiske. Aktiv formidling og merkevarebygging, vil styrke identiteten til kommunen som nasjonalparkkommune.

Samarbeid og forankring

Saltdal kommune samarbeider med Nordland nasjonalparksenter, SALTINN Næringshage, Statskog, reiselivsbedriftene i Saltdal næringsforening, Jernbaneverket og NSB. Prosjektet vil også samarbeide med utdannings- og FoU-institusjonar om kompetanseutvikling. I tillegg er prosjektet forankra i sentrale planar og strategiar på lokalt eller kommunalt nivå, samt ei rekke lokale og regionale utviklingsprosjekt.


Publisert: 12.07.2011    Endret: 16.08.2011

Sykkelstien skal gå gjennom heile Saltdal kommune. Her er ein av dei framtidige traséane; Lønsdal - Kjemagå.

Sykkelstien skal gå gjennom heile Saltdal kommune. Her er ein av dei framtidige traséane; Lønsdal - Kjemagå. (Foto: Harald Rundhaug)