UNG i Møre og Romsdal er eit prosjekt som blei initiert av Fylkestinget på bakgrunn av fråflyttingsproblematikken til gruppa mellom 20-29 år. Ideen bak UNG er å synleggjere moglegheitene og auke den reelle medverknaden for ungdom i fylket. Fylkeskommunen i Møre og Romsdal er prosjekteigar, og prosjektet varte i 3,5 år i perioden 2007 – 2009.
I prosjektet er det lagt vekt på at gode oppvekstvilkår, trivsel i ungdomsåra, eit godt utdanningstilbod på ulike nivå, gode kultur- og fritidstilbod, samferdselstilbod og jobbmoglegheiter er viktige faktorar som påverkar ungdom sin trivsel og ønske om å bu i Møre og Romsdal.
Vidare har prosjektet gruppert tiltaka sine under to hovudfokusområde:
- Auka medverknad for ungdom
- Synleggjering av moglegheiter i fylket
Prosjektet har lagt vekt på at dersom ungdom skal velje Møre og Romsdal, må dei ha betre kunnskap om moglegheitene som finst i fylket. Det inntrykket ungdom har av heimstaden sin påverkar val av bustad i vaksen alder. Oppleving av reell medverknad er også viktig for å gje ungdom identitet til heimstaden.
Tiltak med fokus på medverknad
I prosjektet er det jobba systematisk for å gje ungdom auka medverknad. UNG prosjektet har prioritert desse aktivitetane:
Ungdommens fylkesting
Kvart år møter to ungdomar frå kvar kommune i fylket til Ungdommens fylkesting. Det er populært å delta på Ungdommens fylkesting, og media visar stor interesse for arrangementet.
På initiativ frå ungdomane sjølv vart det i 2010 teke initiativ til fleire kommunevise samlingar før Ungdommens fylkesting for å diskutere saker dei ville ta opp.
Ungdommens fylkesting kårar "Årets ungdomskommune". Dette er ein gjev pris for kommunen og ungdomsrådet i den aktuelle kommune.
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal
Ungdomspanelet har ni representantar og vert valde på Ungdommens fylkesting. På tinget lagar ungdomane ein handlingsplan over saker som Ungdomspanelet skal jobbe med komande år. Ungdomspanelet jobbar tett opp mot dei kommunale ungdomsråda. Dei ni representantane har fordelt ungdomsråda i fylket mellom seg. Dei arrangerar møta i Ungdomspanelet ute i dei ulike kommunane, og blir på denne måten godt kjend med ungdomsråda i fylket. Ungdomspanelet er god på å drive marknadsføring for at det er kjekt å vere med i Ungdomspanelet, og på denne måten rekrutterer dei godt nye kandidatar årleg.
Ungdomsråd i alle kommunane
I løpet av prosjektperioden for UNG er det etablert ungdomsråd i alle kommunane i fylket. Gjennom prosjektet er det lagt vekt på å styrke rolla til koordinatorane for ungdomsråda. Det vert arrangert årlege nettverkssamlingar som skal motivere og auke kompetansen i rolla som koodinator.
Elevrådskonferanse
Gjennom UNG prosjektet er det teke initiativ til årleg elevrådskonferanse for ungdomsskuleelevar og kontaktlærar for elevråda i fylket. Dette for å auke kompetansen til dei som sit i elevråda, og for å motivere elevar og kontaktlærar for arbeid i elevrådet. Dette er eit samarbeid med Elev- og lærlingeombodet i fylket.
Tiltak med fokus på synleggjering
Prosjektet har jobba for å betre kunnskapen om kva for moglegheitar som finst i fylket – både innan fritidstilbod, utdanningstilbod og jobbmoglegheiter. UNG prosjektet har i den samanheng hatt fokus på følgjande aktivitetar:
TV-serie om ungdom
TV Sunnmøre laga ein eigen TV-serie om ungdom i Møre og Romsdal for å synleggjere kva moglegheiter som finst. 16 program blei sendt på TV i heile fylket.
Karrieredagar for 10. klasse
Karrieredagane er eit tilbod til alle 10. klassingane i fylket, der er ein visar fram arbeids- og utdanningstilbod i Møre og Romsdal. Det er etablert eit godt samarbeid mellom offentleg og privat næringsliv, transportnæringa, høgskulane og vidaregåande skular i fylket. Saman har dei fått til eit spennande konsept på ungdomane sine premissar. Ungdomane får teste/prøve korleis yrket er. Vanlig stand med ulike arbeidsplassar er ut. Vidare har utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, i samarbeid med faglærarane, utarbeidd ulike eksempel på undervisningsopplegg for yrkes- og utdanningsval i skulen. Det vert jobba med Ungt Entreprenørskap, Gründercamp, Økonomi og karriereval, Elev- og Ungdomsbedrift.
Spørjeundersøking
UNG prosjektet har utført to undersøkingar i 2007 og 2009 (Møreforskning Volda) blant avgangselevar ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen brukar undersøkinga til å stadfeste to faktorar som skapar bulyst hjå ungdom: trivsel på heimplassen og medverknad i ungdomsråd og elevråd.
Undersøkinga gav også signal om tiltak som det må jobbast meir med. Det må jobbast for at arbeid i ungdomsråda vert meir kjent blant ungdom, og opplevinga av reel medverknad gjennom deltaking i ungdomsråd.
UNGweb
Web-sida UNGweb vert beskrive som ei av dei største suksessane i UNG prosjektet. Web-sida er opningsbilete på alle pc'ar i vidaregåande i fylket. UNGweb legg vekt på synleggjering av Møre og Romsdal sine ungdomstiltak og skal fungere som ein arena for medverknad for ungdom. Ungdomen blir oppfordra til å aktivt seie si meining på nettsida. På denne måten skal nettsida også vere eit verkemiddel til å styrke det lokale ungdomsdemokratiet.
Publisert: 19.05.2010 Endret: 25.05.2011