Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Attraktive møtestader ved sjøfronten

Skisser og modellar for sjølina i Rosendal er utarbeidde, men trong kommuneøkonomi har sett stadutviklinga i Hardanger-bygda på vent.

Fjordbygda Rosendal, med vel 900 innbyggarar, er kommunesenter og tettstad i Kvinnherad kommune. I prosjektet Utvikle attraktive møtestader ved sjøfronten, var målet å ruste opp sentrale sentrumsområde, for å gjere staden meir attraktiv for innbyggarar og besøkande.

Gjennom fleire år har det vore initiativ, frå kommune og andre lokale næringsinteresser, for å ruste opp tidlegare industriareal mot fjorden. Opprustning av sentrumsareal og tilrettelegging for sentrumsnære bustad- og næringsbygg har vore aktuelle tema, men ideane har vore meir ambisiøse enn ein klarte å følgje opp. Då Kvinnherad kommune i 2008 kom med i Husbankens stadutviklingsprogram BLEST, først som hovudprosjekt, seinare signalprosjekt, fekk sentrumsplanane eit positivt løft. Gjennom programmet fekk kommunen tilført økonomiske midlar og tilgang til kunnskap og nettverk, som var utløysande for at kommunen bestemte seg for å utarbeide skisser og modellar for deler av sentrumsplanane.

Med utgangspunkt i reguleringsplan for området blei  sentrumsutviklingsprosjektet etablert. Det overordna målet var å utvikle sjøfronten som attraktiv sosial møtestad for fastbuande og besøkande. Konkret skulle prosjektet bidra til opprustning av det offentlege kaiområdet, torgplassen og gjere området ned mot sjøen tilgjengeleg.

Arbeidet kom skikkeleg i gang hausten 2008, med etablering av ei arbeidsgruppe og kommunal prosjektleiar. Med bakgrunn i utarbeidd reguleringsplan laga arbeidsgruppa grunnlag for ein arkitektkonkurranse, med modellar og detaljerte planar for området rundt kaien og torgplassen. Etter gjennomføring av konkurransen (sommar 2009) valgte kommunen å gå vidare med skissene frå Kontoret for Arkitektur og Plan (KAP), som omhandlar kaiområdet. Detaljskisse for dette kommunalt eigde området er no utarbeidd og nytt reguleringsplanarbeid er starta opp. For 2012 går kommunen også inn for å sette av midlar til å restaurere kaien.

Usikkerheit rundt den kommunale økonomien og prioritering av sentrumsutvikling har følgd arbeidet i Rosendal heilt frå starten av. Det har ført til mange stopp og usikkerheit rundt prosess og gjennomføring. Med oppstarten av ny reguleringsplan og føreslåtte midlar til kaiopprustning, meiner kommunen likevel at stykkevis vidareføring av stadutvingsplanane for Rosendal er realistisk.


Publisert: 20.05.2010    Endret: 11.05.2011

Rosendal er kjendt for rosene sine. I skisseutkastet for opprustning av kaiområdet er rosene brukt som inspirasjon til sitte- og leikemøblar med gode visuelle kvalitetar

Rosendal er kjendt for rosene sine. I skisseutkastet for opprustning av kaiområdet er rosene brukt som inspirasjon til sitte- og leikemøblar med gode visuelle kvalitetar (Foto: KAP Arkitetkter)