Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Prosjektkartlegging

Vidda vinn

Kommunane Vinje og Tinn satsar på ein vinn-vinn-situasjon når dei går saman om å leggje til rette for verdiskaping i randområda til Hardangervidda nasjonalpark.

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Gjennom produktutvikling, marknadsføring og samarbeid ønskjer prosjektet å sette Hardangervidda på kartet, slik at både grunneigarar, villrein, reiseliv og folkesetnad rundt vidda blir vinnarar.

Breitt samarbeid

Brei involvering står sentralt i prosjektet. Deltakarane spenner vidt; frå næringsaktørar, grunneigarar og kommunar til forskings- og utdanningsinstitusjonar. Prosjektet opnar opp for nye samarbeidsformer, som kan kome til nytte for andre prosjekt.

Vil ha fleire turistar

Eit av delmåla er å få fleire sommarturistar til Vinje og Tinn. Då er det viktig med tilrettelagte turar og kvalitet i opplevingar og attraksjonar, i form av turstiar og gjerne med guidar. På denne måten blir ferdsla kanalisert utanfor sårbare område, og ein unngår trafikk i leveområda til villreinen, spesielt i kalvingstida.

Gjere skattane i naturen betre kjent

Med målretta marknadsføring og gode guidar skal turistar frå inn- og utland få tematisk, pedagogisk og fagleg god informasjon om verneområde, flora, fauna, geologi, kulturminne og historie.


Publisert: 12.07.2011    Endret: 16.08.2011

For å få fleire turistar til området, er det viktig med tilrettelegging for turar i landskapet. Klopping på Kvennavegen er eit godt døme på korleis ein kan kome seg tørrskodde over myrlendt terreng.

For å få fleire turistar til området, er det viktig med tilrettelegging for turar i landskapet. Klopping på Kvennavegen er eit godt døme på korleis ein kan kome seg tørrskodde over myrlendt terreng. (Foto: Bente Rønning, DN.)