Møteplass
Dialogseminar rekruttering, Leikanger
16.02.2011
Korleis kan vi møte framtidas rekrutteringsutfordringar? Endra samansetjing i befolkninga gir distrikta utfordringar med å skaffe arbeidskraft og rett kompetanse.
Distriktssenteret inviterer til seminar torsdag 7. april på Fylkeshuset på Leikanger frå kl. 10.30 til 17.00. Heile seminaret vart overført direkte på internett, og du kan sjå alle foredraga i opptak her.
Vi inviterer deg til å vere blant dei første som får innblikk i tre nye rapportar:
• Kunnskapsstatus – rekruttering av arbeidskraft (Distriktssenteret/Norut Tromsø)
• NOU om kompetansearbeidsplassar i heile landet (Kommunal- og regionaldepartementet)
• Busetjingsverknader av regionale traineeprogram (Distriktssenteret/Ideas2evidence)
Har du tankar og erfaringar knytt til rekruttering av arbeidskraft til distrikts-Noreg? Seminaret gir eit unikt høve til å diskutere med andre som jobbar med rekruttering i distrikta. Du får òg møte forskarane som står bak rapportane. Vi legg opp til innlegg, erfaringsutveksling og aktiv dialog.
Seminaret blir overført på nettet (streama). Deltaking er gratis. Det blir servert lunsj.
Påmelding til post@kdu.no innan 15. mars. Talet på plassar er avgrensa.
PROGRAM
10.30 Registrering, mat og prat
11.00 Kunnskap er grunnlaget for vellukka rekruttering
Velkomen v/ Direktør Halvor Holmli, Distriktssenteret
11.20 Kva er distrikta sine erfaringar og utfordringar med å rekruttere arbeidskraft? Innleiing v/ forskar Marit Aure, Norut Tromsø. Erfaringsutveksling/dialog.
12.15 Lunsj
13.15 Regionale traineeprogram – eit effektivt verkemiddel for rekruttering?
Innleiing v/ forskar Gro Marit Grimsrud, Ideas2evidence. Erfaringar frå Framtidsfylket v/Anne van Oorschot. Dialog.
14.15 Beinstrekk med frukt, kaffi/te og jus
14.30 NOU om kompetansearbeidsplassar i heile landet
Kvifor er dette eit viktig tema, og kva skal til? Innleiing v/utvalsmedlem Roar Tobro.
15.00 Korleis vil utfordringane med rekruttering og spreiing av kompetansearbeidsplassar vere med på å prege distrikts- og regionalpolitikken?
Innleiing v/Hans Henrik Bull, Kommunal- og regionaldepartementet. Frå ny kunnskap til ny praksis – diskusjon i grupper og presentasjon i plenum.
16.45 Oppsummering
Direktør Halvor Holmli, Distriktssenteret. Slutt kl. 17.00
Publisert: 16.02.2011 Endret: 11.05.2011