Møteplass
Staduavhengig miniseminar
03.11.2011
Korleis kan den digitale motorvegen skape nye og staduavhengige mulegheiter for arbeidsplassutvikling, kultur og læring? Bygg og del erfaring på miniseminar med Dyrøyseminarsenteret.
I Dyrøy er ikkje spørsmålet om det skal satsast på fiber i heile kommunen - det er på plass. No handlar det om å bruke alle mulegheitene som den digitale motorvegen gjev; til å utvikle nye arbeidsplassar, til å spreie og hente inn nye kulturtilbod, og i utdanning og læring.
14.-15.november arrangerer Dyrøyseminarsenteret eit miniseminar om staduavhengig tankegang og kva mulegheiter det gjev i næring, læring og kultur. Her er påmelde deltakarar frå både S-Trøndelag, Nordland og Troms, og arrangørane melder at det enno er plass til fleire!
Er dette noe for deg? Passar for arbeidstakarar, arbeidsgjevarar, vertskommunar, prosjektleiarar og andre tilretteleggarar.
Publisert: 03.11.2011 Endret: 03.11.2011