Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
ordre Land lot seg inspirere på seminaret den 9. november. Tre sentrale personar i arbeidet med omdømmearbeidet i kommunen er; fv. Per Rognerud i næringshagen, prosjektleiar Stine Røen og ordførar Liv Solveig Alfstad

ordre Land lot seg inspirere på seminaret den 9. november. Tre sentrale personar i arbeidet med omdømmearbeidet i kommunen er; fv. Per Rognerud i næringshagen, prosjektleiar Stine Røen og ordførar Liv Solveig Alfstad

Nyhet

"Norges første landsby" i stadig utvikling

Av: Roar Werner Vangsnes, 17.11.2009

Nordre Land er på offensiven. I tillegg til få plass på Omdømmeskulen, var også kommunen ein av dei første som melde seg på eit av inspirasjonsseminara til Distriktssenteret.

Måndag 9. november var difor over 60 deltakarar samla til inspirasjonsforedrag i kommunestyresalen til Nordre Land i landsbyen Dokka.

Stort engasjement

Kommunen saman med Næringshagen har engasjert seg i omdømmearbeidet. Det er viktig å få til sterkt samarbeid med næringslivet, seier Stine Røen som er prosjektleiar i kommunen. Det er viktig for oss å fokusere på eit breitt engasjement i kommunen, sjølv om vi har Dokka som sentrum og landsbyen vår, seier ho. Difor var ho svært glad for å sjå mange frå andre deler av kommunen enn berre dei frå sentrum.

Holm, Hjelle og Mølstad inspirerte

Distriktssenteret hadde med seg ein trio beståande av ein ung rockar, kommunikasjonsrågjevar og solbærbonde. Nå skal det seiast at alle tre har fleire titlar og brei erfaring. Denne kvelden formidla dei gode historier og eit bodskap til forsamlinga som tydelegvis inspirerte.

Askil Holm utfordra kommunen på kulturarbeidet, ungdommen og ”den kreative klassen”. Anne Mette Hjelle gav eit godt innblikk i korleis ein går fram for å bevisstgjere kva eit omdømme eigentleg er, og korleis ein bør jobbe med dette som kommune og som einskildmenneske som bur og lever i kommunen. Stine Mølstad tok utgangspunkt i sin bedrift på Nes i Ringsaker, og samstundes utfordra deltakarane å hente kunnskap, bli inspirert og lag noko eige. Noko som er ditt, og som du trur både er viktig for deg sjølv og dine omgivnader.

Ordførar Liv Solveig Alfstad takka for ein fin kveld som gav endå meir ”kjøt på beinet”, både for kommunen og innbyggarane. Vi på god veg, og har fått mange nyttige innspel i det vidare omdømmearbeidet i kommunen, avslutta Alfstad.

Publisert: 17.11.2009    Endret: 29.06.2010

Relatert innhold
Handler om
Relevant innhold
Eksterne lenker
Tilhører tema
Omtale