Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Askil Holm inspirerte elevane på barneskulen i Åseral til felles song og det vart mykje autografskriving før sjølve inspirasjonsseminaret

Askil Holm inspirerte elevane på barneskulen i Åseral til felles song og det vart mykje autografskriving før sjølve inspirasjonsseminaret

Nyhet

Åseral –” Noregs sørlegaste fjellparadis”!

Av: Roar Werner Vangsnes, 18.11.2009

Åsdølene er klar for å jobba med ein visjon for kommunen. "Inspirasjonsseminaret i regi av Distriktssenteret er vårt naturlege avspark i denne prosessen", seier rådmann Rune Stokke.

Framtidas Åsdøler møtte Askil

Like i forkant fekk alle på barneskulen  eit musikalsk møte med ein av innleiarane i inspirasjonsseminaret, Askil Holm.  Som ein av dei 4 i "gitarkameratane" nytta han høve til å få med alle elevane på å synga Halleluja-songen av full hals. Ei stor oppleving for framtidas åsdøler, som fekk autografen av den unge gründeren og musikaren.

Holm nytta også inspirasjonsseminaret til å trekka fram det han kallar ”den kreative klassen”.  "Ungdommen i alle lokalsamfunn er viktige å spela på, og spesielt i ein kommune som Åseral som skal legga grunnlaget for ein visjon for kommunen dei neste 15 åra", sa Holm.

Kva retning vil åsedølene gå?

Anne Mette Hjelle utfordra dei frammøtte på kva for retning kommunen vil gå i tida som kjem. Ho trekte fram mange av dei fine brosjyrane som kommunen har utarbeida. "Mykje informasjon, og eit godt utgangspunkt, men lite samordna", sa Hjelle. "Kommunen har store økonomiske ressursar, og ei stor utbygging av hytter og bruk av naturen. Åseral er Noregs sørlegaste fjellparadis, og vil de utnytta dette faktum i det vidare arbeidet med å vera Sørlandet sin beste hyttegrend? Dette er ein inngang til det vidare arbeidet", understreka ho.

Per Arne Tveit har lang fartstid med bygdemobiliseringsarbeid. Han trur koplinga mellom bygdemobilisering og omdømmearbeid har stor betyding og trekte fram mellom anna:

  • Lokal optimisme fungerar som ei honningkrukke
  • Bygdemobilisering kan skape lokalt eigarskap i omdømearbeidet
  • Kommunen skaffar seg støttespelarar og forankring

Varaordførar Arna Berg var klar på at den gruppa som er sett ned av kommunen, vil ta med seg den inspirasjonen dei hadde fått seminaret. "Det er no arbeidet startar, og vi er klar", sa Berg etter seminaret.

Publisert: 18.11.2009    Endret: 29.06.2010

Relatert innhold
Handler om
Tilhører tema