"Omdømmebygging handlar også om å kommunisere meir og betre". Anne Mette Hjelle, kommunikasjonsrådgjevar og journalist.
Ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion utfordrar til regionalt omdømmesamarbeid i Sogn. Inspirasjonsseminar samla Sogndal og Leikanger.
Ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion utfordrar til regionalt omdømmesamarbeid i Sogn. "Vi er ein felles bu- og arbeidsmarknad. Sjølvsagt bør vi finne saman også i omdømmebygginga.” Det meinte ordførar i Sogndal kommune, Jarle Aarvoll, på felles omdømmeseminar for nabokommunane Sogndal og Leikanger. I salen sat politikarar og tilsette i dei to sognekommunane, som allereie samarbeider på ei rekkje område – framover gjerne også om omdømmebygging.
Felles kveik
”Målet med omdømmeseminaret er å gje dykk ein kveik og ein felles arena for å setje omdømmearbeid på kartet, sa prosjektleiar Roar W. Vangsnes frå Distriktssenteret. Med seg hadde han kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Hjelle, bygdeutviklar og næringskonsulent Per Arne Tveit og journalist Finn Tokvam som, kvar på sitt vis , sette fokus på utfordringar og kjenneteikn ved omdømmearbeid.
Godt omdømme kan ikkje vedtakast
” Du kan ikkje vedta eller krangle deg til eit godt omdømme – det må jobbast mykje og strategisk med, heile tida” sa Anne Mette Hjelle, som også minna deltakarane på krafta som ligg i å forstå media som oponionsdannar: "For dei som er langt borte frå oss, er det media som blir den viktigaste informasjonskjelda til kva som rører seg. Då er det avgjerande viktig å ha orden i sysakene og ikkje minst fortelje omverda det", sa Hjelle.Kva kan omdømmearbeid i ein kommune konkret byggje på? Hjelle viste til omdømmemålingar som peikar på vår oppleving av produkt og tenester som ein viktig drivar i omdømmemålingar. For ein kommune har det konsekvensar på fleire område, meinte Hjelle og minna særleg om betydninga av kommunikasjon. ”Kommuniser meir og betre – ta i bruk nettet og sosiale media – det femner vidt og ikkje minst: det når ungdommen”, oppfordra den erfarne kommunikasjonsrådgjevaren.
Omdømmebygging av naud meir enn lyst
”For meg har fokuset på omdømmebygging komme meir av naud enn av lyst”sa Per Arne Tveit, mangeårig næringskonsulent og lokal drivkraft i utvikling av heimbygda Holmedal. Han løfta fram betydninga av at lokalsamfunna sjølve må ta grep med omsyn til eiga framtid og eige omdømme. ”Brei mobilisering og vellukka bygdeutviklingsarbeid er ei betydeleg kraft. Lokal optimisme fungerer som ei honningkrukke og bygdemobiliseringa kan skape eigarskap i omdømmearbeidet”, sa Tveit.Han var også oppteken av ringverknader av arenaer for kultur og opplevingar for born og unge. ”Det byggjer sterk identitet og ungdom kan vere fantastiske ambassadørar for heimbygda, anten dei no er heime eller ute”, sa Tveit.
Mykje kjekt i slagord
Journalist og velkjend radiorøyst i NRK, Finn Tokvam, såg på omdømmebygging med eit skråblikk. Llatteren sat laust då Tokvam gjennom opptak frå ”Radio Røynda-redaksjonen” illustrerte fallgroper for kvar og ein når omdømme, merkevare og slagord skal byggast. ”Her er mange artige slagord rundt ikring”, sa Tokvam og undra seg over om ein i prosessen hadde spurt seg sjølv: Kan vi stå for det? I alle samanhengar? Er det oss? Er det unikt? Så står det att og sjå i kva retning omdømmearbeidet i Sogndal og Leikanger tek framover. Strategi og tiltak må kommunane forme. Distriktssenteret bidreg gjerne som støttespelar.Publisert: 25.11.2009 Endret: 29.06.2010