"No startar arbeidet for framtidas Hattfjelldal", seier politikarar og adminstrasjon i Hattfjellda, her samla under inspirasjonsseminaret
Onsdag denne veka samla kommunestyret og administrasjonen i Hattfjelldal seg til inspirasjonsseminar, med Distriktssenteret som motivator og støttespelar. No startar arbeidet med å utvikle framtidas Hattfjelldal.
Få fram ein tydeleg visjon for Hattfjelldal
Distriktssenteret hadde med seg Nils Apeland frå Apeland as. og den unge namsosrockaren Askil Holm på inspirasjonslaget. Begge utfordra kommunen på ein tydeleg, god og spennande visjon for kommunen. Det blei understreka også frå den politiske og administrative leiinga i kommunen. Apeland peika også på at godt omdømme ikkje er eit mål i seg sjølv, men viktig middel for å gjere t.d. ein kommune endå meir attraktiv både å bu i og kome i gang med ny næringsutvikling. "Og: det er viktig å få til gode prosessar for å finne fram til den visjonen som passar for dykkar kommune", understreka han.
Apeland summerte opp 5 punkt som kommunen bør jobba etter, i tida som kjem:
- Ha ein plan for arbeidet
- Våg å tenke stort
- Bygg nedanfrå
- Få alle med
- Ha mål undervegs – gjerne med ein ekstra feiring når delmåla vert nådd
Ungdom og tiltakslyst
Som MOT-ambassadør såg Askil Holm allereie fram til å koma attende til Hattfjelldal i januar, då han skal vera med på ei større samling for ungdom. "Hattfjelldal har eit svært godt utgangspunktpunkt som ein aktiv MOT-kommune", sa Holm, men utfordra samstundes særleg politikarane til å våge ei endå større ungdomssatsing. "Ungdommen er og blir den ”kreative klassen”, og i Hattfjelldal vil de ha attende ungdommen. Då handlar det om å legge til rette rammer for at ungdom får fram skaparevna og tiltakslysta", sa artisten Holm.
Arbeidet er i gang
Rett etter inspirasjonsseminaret starta det vidare arbeidet med ei spennande framtid for Hattfjelldal. "Vi klarte både å engasjere og få på bana ei motivert og lydhøyr forsamling", seier Roar Werner Vangsnes, prosjektleiar for Distriktssenteret sine inspirasjonsseminar. "Ein bolk på 3 timar som er godt planlagt saman med kommunen, håpar vi kan vera med å kveike dei einskilde kommunane til vidare innsats i det lokale utviklingsarbeidet - det er no det verkelege arbeidet startar", seier Vangsnes.
Distriktssenteret planlegg fleire inspirasjonsseminar frametter hausten og vinteren og ei rekkje kommunar har allereie meldt interesse. "Distriktssenteret skal vere ein støttespelar for kommunane i deira rolle som samfunnsutviklar og slike seminar er ein måte å bidra med kunnskap og inspirasjon på", seier Vangsnes, som ser fram til å følgje med kva steg Hattfjelldal tek vidare og til fleire inspirerande møter, i andre kommunar.
Publisert: 30.10.2009 Endret: 29.06.2010