Fra venstre: Trygve Westgård, ordfører i Askim og leder i Indre Østfold regionråd, Roar Werner Vangsnes, Distriktssenteret, Anne-Mette Hjelle, innleder, Halvor Holmli, Distriktssenteret, Liv Signe Navarsete, Statsråd, Anne Irene Myhr, Distriktssenteret, Askil Holm, innleder
Nyhet
- Kva ønskjer vi at livet vårt skal vera?
07.01.2010
Kommunalminister Navarsete meiner at kommunalt omdømmearbeid må rettast mot ungdom i etableringsfasen og potensiale tilbakeflyttarar.
- Kva ønskjer vi at livet vårt skal vera?
Dette spørsmålet stilte Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på Distriktssenteret sitt inspirasjonsseminar i Askim 6.januar. Inspirasjonsseminaret vart arrangert for Indre Østfold Regionråd, som består av kommunane Spydeberg, Askim, Eidsberg, Trøgstad, Rakkestad, Rømskog, Marker, Aremark, Skiptvet og Hobøl.
Statsråd Navarsete starta sitt innlegg med å orientere om regjeringas politikk for bulyst.
- Eg har ein glødande interesse for at det skal bu folk i heile landet. Dei siste flyttemotivundersøkingane viser at det fleire faktorar som påverkar kor folk vil busetja seg. Staden sine kvalitetar, den estetiske utforminga og naturkvalitetar er faktorar som vil ha større betyding i framtida. I dei vurderingane som unge folk i etableringsfasen skal gjera, vil også omdømme til staden vera avgjerande, seiar Statsråd Navarsete.
Omdømme på dagsorden
Omdømmearbeid vart satt på dagsorden av de 14 ungdommane som satt i KRD sitt bulystråd. Dei ønska at kommunane måtte starta et profesjonelt, systematisk og langsiktig arbeid med omdømme. Statsråd Navarsete meiner at dette arbeidet spesielt må rettast mot ungdom i etableringsfasen og potensiale tilbakeflyttarar.
- Ein må kunne gjera opplyste val. Difor må ein vita noko om stadene ein vurderer å flytte til. Det blir viktig kva ein ønskjer å kommunisera til ungdommane, sa statsråd Navarsete til deltakarane i Indre Østfold.
Distriktssenteret sitt inspirasjonsseminar i Askim var tredelt. I tillegg til Statsråd Navarsete deltok artisten Askil Holm og kommunikasjonsrådgjevar Anne-Mette Hjelle.
Publisert: 07.01.2010 Endret: 12.12.2012