Ivrig ungdom i Grue saman med” inspirasjonsteamet” og representantar frå kommunen. Fv. Roar W. Vangsnes, Distriktssenteret, Anita Goplen, Grue kommune, Jenny Nyberget 8C, Stine Mølstad, foredragshaldar, David Eriksen 8C, Askil Holm, foredragshaldar Ahmed Al-Sultan, 2. vidaregåande Kaja Thomassen 9B, Brit Aagård, foredragshaldar, Kari Bredvold 8A, Petter Weldingh, leiar i barne- og ungdomsrådet og ordførar i Grue Herdis Bragelien
Over 60 deltakarar i alle aldrar fann vegen til Distriktssenteret sitt inspirasjonsseminar på Grue barne- og ungdomsskule. Ordførar Herdis Bragelien var svært glad for at så mange ambassadørar frå kommunen og regionen var på plass.
Ung tiltakslyst
Fleire av dei frammøtte var elevar frå ungdomsskulen i kommunen.I tillegg til nokre av dei ungdommane som pendlar til dei vidaregåande skulane i nabokommunane. Leiaren i barne- og ungdomsrådet Petter Weldingh, fekk mykje ”input” frå alle tre føredragshaldarane. Dette vil han ta med seg vidare til ungdomsrådet. Berre det å bli karakterisert som ”den kreative klassen”, trur han er med å stimulera ungdommen til å vera både stolt og bidra til auka tiltakslyst for kommunen sitt beste.
Frå inspirasjonsseminar til lokal ungdomssamling?
No håpar Weldingh at barne- og ungdomsrådet kan gå saman med kommuneadministrasjonen om ei breiare samling av ungdommen i kommunen. For oss som er barn og unge i Grue, har etablering av ein barne- og ungdomsskule vore svært positivt, sa Kaja Thomassen i 9B på skulen. Ein ny, samlande skule med godt læringsmiljø, er svært viktig å ha med seg før vi skal kome oss vidare i livet, sa ho.
Tettare regionsamarbeid
På samlinga i Grue var også ordførarane frå Våler og Åsnes. "Vi er jambyrdige, og vi har mykje å hente av kvarandre", sa Lars Petter Heggelund, ordførar i Åsnes. "Det har alltid vore god tone mellom kommunane. Denne gang var Grue raskt bana, og vi er glade for å bli inviterte". Og uavhengig av spørsmålet om framtidige kommunesamanslåingar, er det viktig å få til samarbeid som styrkar kommunane i regionen, meinte dei tre ordførarane.
Anita Goplen, lokal tilretteleggar for inspirasjonsseminaret i kommunen, ser på denne samlinga som ”midt i blinken”, no når Grue skal dra i gang ein ny kommuneplan. "Vi har fått mange innspel både frå foredragshaldarar og innspel frå salen, som vi tek med oss vidare i arbeidet", avslutta Goplen.
Publisert: 11.01.2010 Endret: 29.06.2010