(Foto: Øyvind Bang Olsen)
Ope folkemøte i Florø 15.mars med presentasjon av ny stadanalyse av byen.
Målet med den sosiokulturelle stadanalysa var å få fram meiningar om Florø sitt særpreg og fordelar som kan gje eit godt grunnlag for ei felles forståing omkring den vidare utvikling og profilering av byen. Analysa skal vere eit viktig verktøy i prosessen med å få ulike aktørar til å engasjere seg i det felles overordna mål om å skape ein attraktiv by med eit godt og solid omdømme.
Stadanalysa er gjort på oppdrag frå Flora kommune og næringsutviklingsselskapet Sunnfjord 2020, og er ein del av samfunnsdelen i kommuneplanlegginga. I denne samanheng er det kommunedelplanen for Florø sentrum som skal reviderast. Flora kommune har særleg lagt vekt på samhandling og medvirkning i denne planprosessen mellom anna har ungdomen fått ein sentral plass i dette arbeidet.
Viktige spørsmål som er sett fokus på i rapporten er; Kva sentrum er, skal vere og skal bi, og for kven. Rapporten slår fast at svaret er "enkelt": Sentrum må vere attraktiv for mange, og set lys på dette frå ulike perspektiv. Ein interessant rapport som er vel verdt å lese frå perm til perm!Publisert: 19.03.2010 Endret: 29.06.2010