Innleiarar og deltakarar var med både fysisk og via nettet på årets IT-forum-konferanse (Foto: Oddrun Midtbø)
Teknologi kan sprenge grenser. Det fekk deltakarane på årets IT-Forum konferanse i høgste grad erfare. Kvar konferansen og deltakarane var? I Sogn og Fjordane - og i verda elles...
Under tittelen "Kunnskap krysser grenser" inviterte IT-Forum Sogn og Fjordane til sin årlege IT-konferanse, på Skei i Jølster kommune. Og når teknologien blir teken i bruk, så kan kunnskapen sanneleg krysse grenser...
Med bruk av webstreaming, twitter, liveblogging, filmsnuttar og videokonferanse blei konferansen løfta vidare frå salen på Skei og til innleiarar og andre interesserte, frå fleire landsdelar, og verdshjørne: Silicon Valley, Tokyo, Stockholm, Oslo, Trondheim, Vestfold, Vågsøy, Fjaler, Leikanger....dei var alle der, fysisk eller via nettet.
Slik blei konferansen sjølv det beste dømet på arbeidet som IT-Forum og det regionale samarbeidsprosjektet Kunnskap Krysser Grenser fokuserer på; berekraftig utvikling i Sogn og Fjordane, med IKT teknologi og infrastruktur som sentral drivkraft. Og kanskje det beste av alt: Konferansen blei til i eit breitt samarbeid mellom det private næringslivet, forvaltninga, FoU- og utdanningsmiljøa i fylket.
Ikkje minst fekk ungdomsbedrifta Sogn Media vist fram kva som gror i fylket: I tett samarbeid med IT-avdelinga hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, var ungdomane sentrale i heile produksjonen. Ein framtidsretta utviklingsverkstad i Sogn og Fjordane, på alle måtar!
Les meir om konferansen på IT-forum Sogn og Fjordane og Driftig.no
Sjå opptak hjå IT-Forum Sogn og Fjordane.
Publisert: 07.10.2010 Endret: 01.11.2010