Distriktssenteret nytta sjansen til å vise seg fram og samstundes få nye kontaktar. Her saman med ein bukett damer, f. v. Marit Størseth frå Ipark i Rogaland, Åse Våg frå fylkesmannen i Hordaland, Anita Holthe, Oi-mat i Trøndelag og Anne Karine Statle frå Lofotenmat. (Foto: Ole Jonny Trangsrud)
27-29. oktober inviterte Hanen, DNT, Landbruks- og matdepartementet og Innovasjon Norge til den nasjonale mat og reiselivskonferansen, i år på Voss. Ein viktig arena for nettverksbygging mellom gründerar, bransjar og organisasjonar.
Variert meny
Med 170 deltakarar på plass, viser det at mat- og reiselivskonferansen er ein sentral og nasjonal møteplass. Det vil alltid ligga utfordringar i komponera eit opplegg, som gir noko for einkvar smak. Frå Distriktssenteret si side, fann vi fram til ein variert meny. M.a. med fleire gründerar som formidla kva dei har utvikla av spennande opplevingsprodukt, men som også nytta høvet til å kome med klare synspunkt på kva dei meiner er viktig å legge vekt på i tida som kjem.
Kva skjer i dag - korleis vil framtidsbiletet vera ?
Både reiselivsdirektør Per Arne Tuftin frå Innovasjon Norge, generalsekretær Kristin Krohn Devold i DNT og leiar i Norges Bondelag Nils T Bjørke, var tre sentrale foredragshaldarar på mat- og reiselivskonferansen. På kvar sin måte og frå sin ståstad, formidla dei sine synspunkt på korleis reiselivet i distrikta kan og bør utvikla seg. Det er ingen tvil om at bygdeturismenæringa er blitt ein viktig del av den verdiskapinga som skjer ut på bygdene. Gode kvalitetsprodukt er avgjerande i framtida.
Nettverksbygging svært viktig
Ein konferanse med mange foredrag i ein litt for lang og smal konferansesal, er utfordrande. Likevel hadde arrangøren lagt til rette for at fleire kunne få profilert seg. Distriktssenteret hadde eigen stand, og den gode samtalen mellom gamle og nye kjenningar, har stor betyding når konferansar skal gjennomførast. Distriktssenteret hadde også trykt opp eit større antal rapportar om ein nasjonal kartlegging av bygdeturisme og gardsmat, uført av bygdeforsking på oppdrag frå Distriktssenteret. Eit viktig dokument for å synleggjere betydinga og verdiskapinga av næringa.
Elles var middagen og omvisinga på Smalahovetunet hjå Ivar og Kjellaug Løne den første kvelden, ein god aperitif på konferansen. Måltidet på Fleicher Hotel dagen etterpå var ei oppleving, der kjøkenet og Halvor Heuch presenterte mat og drikke gjennom god formidling og på ein spennande måte. Gode dømer på at mat + reiseliv = sant
Publisert: 18.11.2010 Endret: 19.11.2010