Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Nyhet

Stort løft til lite samfunn

Av: Trude Risnes, 17.11.2010

Under slagordet "Det er de små samfunn som skaper de store" har Verran kommune lagt ned stor innsats for å kome ut av ein negativ utviklingsspiral. "Arbeidet må ikkje stogge opp", seier regjeringa, som no gjev småsamfunnet eit stort økonomisk dytt framover.

Regjeringa løyver no 10 millioner kronger til oppryddingsarbeidet etter nedlegginga av Fosdalen Gruber AS i Malm, i Verran kommune. "Staten skal ta sin del av ansvaret for at det blir rydda opp", seier kommunal- og regionalministaren, som håpar at midlane kan støtte oppunder dei lokale utviklingsprosessane som har skote fart i Verran-samfunnet dei siste åra.

Verran kommune har sidan 2006 delteke i Småsamfunnssatsinga og jobba på brei front med lokal samfunnsutvikling. Distriktssenteret har følgd og vil følgje prosjektet og kommunen framover, bl.a for å sjå om og evt. korleis pilotprosjektet påverkar arbeidsformer i kommunen, etter at prosjektperioden er over.

Publisert: 17.11.2010    Endret: 17.11.2010

Relatert innhold