Erfaringsutveksling og konferansesamarbeid om lokalsamfunnsutvikling var tema då partnarskapen i Hordaland møtte Sogn og Fjordane fylkeskommune og fylkesmannen i Sogn og Fjordane. (Foto: Distriktssenteret)
Med Distriktssenteret som vertsskap, møttes partnarskapen i Hordaland, Sogn og Fjordane fylkeskommune og fylkesmannen i Sogn og Fjordane til erfaringsutveksling rundt bygde- og lokalsamfunnsutvikling.
Erfaringsmøtet utgjorde første del i eit vidare samarbeid om ein "Vestlandskonferanse" med fokus på bygde- og lokalsamfunnsutvikling.
Erfaringsutveksling
Bygde- og lokalsamfunnsutviklinga har brei forankring i Hordaland og Sogn og Fjordane. I Hordaland særleg gjennom satsinga LivOGlyst, i Sogn og Fjordane gjennom det mangeårige Bygdeutviklingsprogrammet - begge fleirårige satsingar med den regionale partnarskapen og regionale utviklingsplanar i botn. Erfaringsmøtet synleggjorde likskapar, men ga også breiare kunnskap om ulike strategiar i dei to regionane, og ikkje minst aktuelle samarbeidsområde på tvers.
Planlegg regional læringsarena
Erfaringsmøtet blir no teke vidare, med eit breitt samarbeid om ein regional læringsarena for lokale bygde- og lokalsamfunnsutviklingsprosjekt, og for kommunane som sentral lokal utviklingsaktør. Gjennom eit slikt samarbeid på tvers av fylka kan vi i større grad tilby fleire tematiske vinklingar i programmet og medverke til å bygge nettverk på tvers, innanfor ulike temaområde. Det er også naturleg å invitere med vestlandsfylka i nord og sør - Møre og Romsdal og Rogaland, seier Eli J. Fosso, Ole Øvretveit og Geir Lyngås, deltakarar i arbeidsgruppa.
Distriktssenteret er også samarbeidspartnar i arbeidet og ser på dette som ein sentral arena for å bygge kunnskap og nettverk i og mellom regionale prosjekt innanfor LivOGlyst, Bygdeutviklingsprogrammet og prosjekt knytt til den nasjonale Bolyst-satsinga.
Publisert: 17.01.2011 Endret: 20.01.2011