Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Elisabeth Trædal ser fram til spennande satsing i Sogndal, og såg på gründerlunsjen som ein flott arena for vidare nettverksbygging

Elisabeth Trædal ser fram til spennande satsing i Sogndal, og såg på gründerlunsjen som ein flott arena for vidare nettverksbygging (Foto: Roar Werner Vangsnes)

Nyhet

”Gründerlunsj” er nettverksbyggande

Av: Roar Werner Vangsnes, 14.02.2011

Distriktssenteret i Sogndal inviterte lokale gründerar til lunsj, foredrag, gode samtalar og diskusjonar. I tillegg til dei sju tilette ved Distriktssenteret møtte over 20 til møterommet på Campus Fosshaugane, og ordføraren i Sogndal var med på laget.

På vegne av Distriktssenteret ynskte avdelingsleiar Steinar Fredheim velkomen til gründerlunsjen, og var overvelda over at så mange hadde funne vegen. Dett er eit flott høve til å kunne fortelja om det arbeidet i Distriktssenteret. Vi er mellom anna oppteken å bygga ny både ny og erfaringsbasert kunnskap som skal styrka mellom anna attraktive lokalsamfunn, sa han. Sjølv om kommunane er hovudmålgruppa til Distriktssenteret, peika Fredheim på at gründerane har ei viktig oppgåve med å kunne fortelja kor skoen trykker mest, når ein skal etablera seg i ein kommune. Gjennom ein kort presentasjon viste seniorrådgjevar Stein Magne Os, korleis gründerane kan nytte Distriktssenteret sin kunnskapsbase både for å hente inspirasjon og moglegheiten til å marknadsføra seg sjølv.

Gründerane vart utfordra i plenum

Det å gi tid og rom til å høyre på kva for utfordringar gründerane har når dei skal etablera seg, var ein av målsetjingane med møte. Elisabeth Trædal kom til Sogndal for eit halvt år sidan. Ho skal starta med interiør, og er på veg inn i nye lokale i løpet av vinteren. Ho hadde fått god hjelp av Sogn Næring og tiltaksapparatet. Som småbarnsmor trekte ho fram kor viktig det er å finne raskt fram i tilbod som ny i ein kommune som til dømes Sogndal. Her ligg det forbetringspotensiale både på nettsidene til kommunen, men også det å finne ein rask og god plass i det sosiale miljøet. Det å finne seg godt til rette, er ofte svært viktig for å kunne ha fokus på den næringsverksemda som ein skal i gang med, sa Trædal.

Tore Lie og Håvaard Halvorsen er to gründerar i firmaet Yast med eit anna utgangspunkt. Dei er sivilingeørar med sans for friluftsliv og teknologi. Sogndal har difor vore ein ideell plass å kome til, når ein i tillegg også kan ”forlenga” studentlivet i ei bygd med mange studentar. Det å kunne få lov til å vera med i bidra til sterkare nettverksbygging både med dei gründerane som lever ”det frie liv” og dei som er kome i etableringsfasen, er viktig. Begge to hevdar ein stadig vekk får ny kunnskap frå andre miljø som er nyttig i den teknologiverksemda dei er i ferd med å bygga opp.

Ordførar Jarle Åarvoll var glad for å kunne få vera tilstades. Han var audmjuk på at ting kan gjerast betre frå kommunen si side. Samstundes oppfordra han sterkt at gründerane kome med konkrete innspel. Det gjeld både på den forretningsmessige delen og på det å finna seg fort til rette i kommunen.

Publisert: 14.02.2011    Endret: 11.05.2011

Relatert innhold
Tilhører tema