Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Framtidsfylket v/ t.v. Anne van Oorschot og Kristin Maurstad klare til innsats på karrieremessa i Sogndal.

Framtidsfylket v/ t.v. Anne van Oorschot og Kristin Maurstad klare til innsats på karrieremessa i Sogndal. (Foto: Roar Werner vangsnes)

Nyhet

Framtidsfylket Sogn og Fjordane styrer karrieremesser

Av: Roar Werner Vangsnes, 16.02.2011

I løpet av februar har Framtidsfylket Sogn og Fjordane rigga rekrutteringsmesser i Trondheim, Oslo og Bergen. Innimellom besøket til storbyane heldt dei i år også ei messe i heimefylket. Messa var eit samarbeid mellom Framtidsfylket, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn Næring og Studentveka i Sogndal.

Distriktssenteret var innom karrieremessa i Sogndal kulturhus 15. februar og møtte dagleg leiar Anne van Oorschot og prosjektleiar Kristin Maurstad i Framtidsfylket. 18 kommunar var til stades på messa, i tillegg til offentlege og private verksemder. Totalt var det omlag 45 stands i kulturhuset, og det er van Oorschot og Maurstad godt nøgde med. Dei har valt å endre namnet på denne typen arrangement frå "rekrutteringsmesse" til "karrieremesse".

- Dette er fordi vi er opptekne av kundane våre. Unge menneske er opptekne av ordet karriere, og det er noko dei har eit forhold til, seier van Orschoot.

Studentar frå heile fylket

I samband med messa i Sogndal, vart det sett opp bussar frå Førde. På den måten fekk ingeniør- og helsefagstudentane ta del i det som skjedde i Sogndal. Dette fungerte godt og bussane vart fylte opp. Det er viktig å vere synleg for studentar som bur i eige fylke, og ikkje minst for studentar som har valt å kome hit for å ta utdanning, seier van Oorschot.

Ei treningssak for alle partar

Framtidsfylket har dei siste fem åra fått god erfaring med å leggje til rette for karrieremesser i dei større byane. Studentane på desse stadene har etterkvart fått erfaring med korleis dette føregår.

- Vi ser at det er i utfordring når dette skal gjerast i Sogn og Fjordane, seier van Oorschot. Difor er det viktig å arbeide med å få til god kommunikasjon mellom studentane og dei som driv standane. Mellom anna har Framtidsfylket utarbeida ei sjekkliste for kva det er viktig å hugse på når ein står på stand.

- Samstundes har vi ein jobb å gjere for å halde studentane på messeområdet lenger enn det som var tilfelle denne gongen. Dette må vi arbeide vidare med, seier Maurstad og van Oorschot. Dei ser fram til å styrke arbeidet med karriere og rekruttering til Sogn og Fjordane i åra som kjem.

Ei oppteljing viser at Framtidsfylket trekte til saman 1250 studentar, jobbsøkande og nyfikne til dei fire messene.

Publisert: 16.02.2011    Endret: 11.05.2011

Relatert innhold
Relevante prosjekt
Tilhører tema
Prosjektrelasjon
Omtale