Distriktssenteret har lyst ut eit nytt utgreiingsoppdrag: Kommunen som vert for festivalar. Frist for tilbod er 10.03.2011.
Hovudmålet med ein slik studie er å få kunnskap om og drøfte korleis kommunane opptrer som vert for festivalar – og kva kommunen får tilbake. Korleis tenkjer og agerer dei som samfunnsutviklingsaktør i høve til festivalar? Kva kan ein lære av dette og korleis er det fornuftig å forvalte vertskapsrolla?
Oppdraget inneber å kartlegge og drøfte korleis samfunnsutviklingsrolla til kommunane kjem til uttrykk i høve til festivalar og festivalarrangørar. Distriktssenteret ønskjer ein studie med eit breitt samansett utval av festivalar innan musikk, mat, teater, m.m.
Konkurransegrunnlag ligg på DOFFIN-basen og fristen for tilbod er 10.03.2011.
Oppdatering
NIBR, Norsk institutt for by- og reginforskning har fått oppdraget med undersøkelsen. Teamet blir ledet av seniorforsker Guri Mette Vestby og skal være ferdig i januar 2012.
Publisert: 10.02.2011 Endret: 29.09.2011