Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

(Foto: Oskar Andersen)

Nyhet

Evaluering av Innovasjon Norge

Av: Steinar Fredheim, 14.03.2011

Nærings- og handelsdepartementet (NHD) har fått gjennomført ei ekstern evaluering av Innovasjon Norge. På oppmoding frå NHD har Distriktssenteret kommentert tilrådinga i evalueringa og peikar på fleire område som departementet bør vurdere å utdjupe nærare før den framtidige strukturen og innhaldet i Innovasjon Norge vert fastlagd.

Distriktssenteret siktar særleg til forståinga av innovasjonsbegrepet og dei regionalpolitiske målsetjingane, BU-midlane si rolle for innovasjon i landbruket og samhandling mellom Innovasjon Norge og lokale utviklingsaktørar.

Med bakgrunn i Distriktssenteret sitt mandat, er våre kommentarar knytta til følgjande:

Samanheng mellom målstruktur, måloppnåing og innovasjonsfokus.

Innovasjon er det grunnleggande prinsippet i Innovasjon Norge sin aktivitet. Evalueringa har eit sterkt fokus på innovasjon og høg innovasjonsgrad nasjonalt og internasjonalt som ein sentral premiss når ein vurderer Innovasjon Norge sin grad av måloppnåing. Vi oppfattar det slik at tilrådingane i evalueringa byggjer på oppfattinga om at det er innovasjon av nasjonal eller internasjonal karakter som verkeleg bidreg til auka verdiskaping her i landet. Distriktssenteret meiner at evalueringa i for liten grad har drøfta samanhengen mellom innovasjon, næringsutvikling og bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling i heile landet. Ei drøfting med større fokus på eit slikt perspektiv harmonerar med den rolla og den målstrukturen Innovasjon Norge faktisk har og Innovasjon Norge sin rolle i høve til å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken.

Næringsutvikling basert på regionale føresetnader - gjennomgåande hensyn

Som eit bidrag til høgre måloppnåing i bruken av Innovasjon Norge sine verkemiddel føreslår evaluatorane å styrke prinsippet om å gjere regionale føresetnader til ein gjennomgåande faktor i Innovasjon Norge sine prioriteringar. Ut frå evalueringa oppfatning om at den reelle auken i verdiskapinga i vesentleg grad skjer der innovasjonsgraden er nasjonal eller internasjonal, vil støtte til andre typar innovasjonsprosjekt kunne falle utanfor Innovasjon Norge sitt målhierarki. Distriktssenteret meiner ei slik dreiing i fokus vil kunne utfordre dei regionalpolitiske målsetjingane. Ei nærare vurdering av dette ser vi som ei viktig oppfølging av evalueringa sine tilrådingar.

BU-midlane - landbrukspolitisk verkemiddel

Evalueringa sin påstand om at BU-ordninga ikkje bidreg til innovasjon og auka verdiskaping byggjer på ei oppfatning om at desse midlane fell utanfor Innovasjon Norge sin målstruktur. Evaluatorane foreslår vidare å ta ut BU-ordninga frå Innovasjon Norge sin portefølje. Distriktssenteret meiner det finst gode eksempel på at BU-midlane si tilknyting til Innovasjon Norge bidreg til at landbruksnæringa blir sett på som ein integrert del av næringslivet, noko som inneber krav om nyskaping og innovasjon. På den måten meiner vi dagens ordning gjev gevinstar. Vurderinga av BU- ordninga, med tilråding om ny organisering, bør også diskuterast ut frå samanhengane mellom reiselivsnæringa og landbruksnæringa, og mulege distriktspolitiske effektar. Distriktssenteret meiner at evalueringa i for liten grad diskuterer BU-midlane sin funksjon og effekt i ein slik kontekst.

Samhandling og grenseflater

Med unntak av at Innovasjon Norge sine distriktskontor vurderer kommunane som ein svært viktig samarbeidspartnar, er samhandlinga mellom Innovasjon Norge og kommunane i liten grad omtalt i evalueringsrapporten. Dette er overraskande sett i lys av at det sidan 2005 har vore ei betydeleg satsing på å oppnå betre samhandling mellom Innovasjon Norge og førstelinja for næringsutvikling i kommunane. Distriktssenteret meiner eit framtidig Innovasjon Norge kan tene på at denne samhandlinga blir styrka ytterlegare. Dette er og eit tema evalueringa burde sett nærare på.

Publisert: 14.03.2011    Endret: 14.03.2011

Relatert innhold
Handler om
Tilhører tema