Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Roar Tobro sitt foredrag er tilgjengeleg i web-TV

Roar Tobro sitt foredrag er tilgjengeleg i web-TV (Foto: Roar Vangsnes)

Seminarrekke i Bodø, Leikanger og Værnes.

Rekrutteringsseminar på web-TV

Av: Stein Magne Os, 13.04.2011

Alle innlegga på Distriktssenteret sitt seminar om framtidige rekrutteringsutfordringar på Leikanger ligg no tilgjengeleg som web-TV.

Seminaret på Leikanger vart overført direkte på internett, og du kan sjå alle foredraga med presentasjonar her. Rekrutteringsseminaret på Leikanger er eit av tre like arrangement i Bodø. Leikanger og Værnes.

Endra samansetjing i befolkninga gir distrikta utfordringar med å skaffe arbeidskraft og rett kompetanse. Innhaldet hadde fokus på korleis vi kan møte framtidas rekrutteringsutfordringa og det vart presentert tre nye rapportar:
• Kunnskapsstatus – rekruttering av arbeidskraft (Distriktssenteret/Norut Tromsø)
• NOU om kompetansearbeidsplassar i heile landet (Kommunal- og regionaldepartementet)
• Busetjingsverknader av regionale traineeprogram (Distriktssenteret/Ideas2evidence)

PROGRAM

11.00 Kunnskap er grunnlaget for vellukka rekruttering
Velkomen v/ Direktør Halvor Holmli, Distriktssenteret

11.20 Kva er distrikta sine erfaringar og utfordringar med å rekruttere arbeidskraft? Innleiing v/ forskar Marit Aure, Norut Tromsø. Erfaringsutveksling/dialog.

13.15 Regionale traineeprogram – eit effektivt verkemiddel for rekruttering?
Innleiing v/ forskar Gro Marit Grimsrud, Ideas2evidence. Erfaringar frå Framtidsfylket v/Anne van Oorschot. Dialog.

14.30 NOU om kompetansearbeidsplassar i heile landet
Kvifor er dette eit viktig tema, og kva skal til? Innleiing v/utvalsmedlem Roar Tobro.

15.00 Korleis vil utfordringane med rekruttering og spreiing av kompetansearbeidsplassar vere med på å prege distrikts- og regionalpolitikken?
Innleiing v/Hans Henrik Bull, Kommunal- og regionaldepartementet. Frå ny kunnskap til ny praksis – diskusjon i grupper og presentasjon i plenum.

16.45 Oppsummering
Direktør Halvor Holmli, Distriktssenteret.

Publisert: 13.04.2011    Endret: 11.05.2011