Lunsj på Henjatunet. F.v. ”matlagar” Åse Kongsvik og vertinna Marit Henjum Halsnes. Frå prosjektstyret: Stefan Gössling, Katrina Rønningen, Agnes Brudvik Engeset, Reidun Heggem og frå referansegruppa Ann Margret Hauknes. (Foto: Roar Werner Vangsnes)
Nyhet
Andre generasjon reiseliv i distrikts-Norge
27.05.2011
Bygdeforsking og Vestlandsforsking fekk i fjor gjennomslag i Forskingsrådet for å sjå på korleis det distriktsbaserte reiselivet utviklar seg vidare. I tillegg er fylka Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag inne med løyvingar til forskingsprosjektet som vil gå frå mai 2011 til juni 2014.
Forskingsprosjektet hadde lagt sitt første møte til Henjatunet Eggjagarden i Leikanger den 24-25. mai 2011. Her hadde dei også invitert Bernhard Lane frå University of Bristol, som ein av fleire internasjonale samarbeidspartnarar. Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking fortel at Bernhard Lane har lang erfaring med å sjå på bygdeturismearbeidet både frå Storbritannia og andre land, og var ein av oss som sette oss på ideen om gå i gang med dette forskingsprosjektet.
På Henjatunet møtte også Ann Margret Hauknes frå NCE Tourism og Roar Werner Vangsnes frå Distriktssenteret. Dei er to av seks representantar i ei referansegruppa som er oppnemnt i forskingsprosjektet Det er vera av stor interesse å ha med personar og institusjonar som kan gi oss innspel når no er i gang og skal arbeide vidare med prosjektet, seier Brudvik Engeset.
Hovudmålet i arbeidet
Det er sagt at hovudmålet skal vera å analysera kva eit meir økonomisk og sosialt robust og mijømessig berekraftig andre generasjons distriktsbasert reiseliv skal innehalda. Vidare vil ein sjå på kva for strategiar som må utviklast for å oppnå dette.
Utval av bedrifter
Henjatunet Eggjagarden som består av ein gardsrestaurant, gardsbesøk med omvisning og produksjon av saft og sider, vil truleg bli med som ein av fleire bedrifter som vert intervjua i arbeidet. Prosjektstyret fekk eit innlegg av både vertinna Marit Henjum Halsnes og dottera Inga som er midt i universitetstudiane. Neste generasjon har vore med i drifta frå tenåra og ser at det ligg store og spennande utfordringar å kunne overta bedrifta når tida er "moden".
Samarbeid mellom forskingsinstitusjonar
Agnes Brudvik ser det som spennande å kunne få gjennomført eit forskingsprosjekt mellom to institusjonar som etterkvart har brei erfaring på området. Og spesielt kjekt er det når vi også skal forske på dei framtidige menneskelege ressursane i tillegg til dei vegvala næringa og politikarane vil gjere i tida som kjem.
Publisert: 27.05.2011 Endret: 30.05.2011