Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Nyhet

Kva fremjar og hemmar bruken av avstandsreduserande kommunikasjonsteknologi?

Av: Trude Risnes og Lillian Hatling, 18.05.2011

Distriktssenteret lysar ut nytt utgreiingsoppdrag. Frist for tilbod er 20. juni.

Tilgong på kunnskap og arenaer for kunnskapsdeling er ein ressurs som ikkje nødvendigvis er likt fordelt i Noreg. Mange aktørar i norsk arbeidsliv har ei klar ulempe ved at dei ligg langt frå store byar og tradisjonelle arenaer for kunnskapsdeling, og dermed opplever høge avstandskostnader – i form av tidsbruk, reisekostnader og miljø- og klimaskadelege utslepp. Avstand kan slik sett vere eit hinder for kunnskapsdeling og kommunikasjon. Det same gjeld for samarbeid på tvers av landegrenser. Det finst i dag teknologi som kan sikre fleire tilgong på kunnskap og gjere mange reiser overflødige. Her nyttar vi omgrepet ”avstandsreduserande kommunikasjonsteknologi”. Vi siktar då til to konkrete former for kommunikasjonsteknologi: videomøte (videokonferanse) og nettoverføring (streaming). Videomøte kan erstatte fysiske møte mellom eit avgrensa tal deltakarar på to eller fleire geografiske lokalitetar. Når det gjeld andre typar arrangement, som konferansar, seminar og førelesingar, gir nettoverføring av lyd og bilete høve til kunnskapsdeling utan at alle tilhøyrarane er fysisk til stades.

Trass i at denne avstandsreduserande kommunikasjonsteknologien har eksistert ei stund og er teken i bruk i mange offentlege og private verksemder, synast han å vere relativt lite utbreidd og brukt. Kva slags hindringar som står i vegen og kva som kan gjerast for å endre denne situasjonen, er utgangspunktet for studien Distriktssenteret bestiller.

Konkurransegrunnlaget ligg på DOFFIN og fristen for tilbod er 20.06.2011

Publisert: 18.05.2011    Endret: 19.05.2011