Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Tone Marie Nybø Solheim er rådmann i Flekkefjord og styreleiar i Lister reiseliv. Ho meiner kommunalt engasjement er viktig i reisemålsutvikling

Tone Marie Nybø Solheim er rådmann i Flekkefjord og styreleiar i Lister reiseliv. Ho meiner kommunalt engasjement er viktig i reisemålsutvikling (Foto: Roar Vangsnes)

Nyhet

Kommunane viktige i reisemålsutvikling

16.06.2011

Det må setjast krav til kommunane si rolle i reiselivssatsinga viser ein ny rapport frå Distriktssenteret.

Kompetanseheving, rolle- og ansvarsfordeling,  gode samarbeidsmodellar og  langsiktig heilskapleg satsing er sentrale stikkord viser rapporten. På oppdrag for Distriktssenteret har rådgivingsselskapet Mimir AS, kartlagt kommunen si rolle i 9 utvalde regionar. Ordførarar og rådmenn, destinasjonsselskap, utvalde aktørar i kvar region og fylkeskommunane, har svart på spørsmål i samband med undersøkinga.

Ulik oppfatning om kompetanse
Kommunane meiner dei har eit godt kompetansenivå innan reiselivet, medan aktørane, selskapa og fylkeskommunane har ei anna oppfatning. Samstundes ser vi at i kommunar med mye reiselivsaktivitet og tett samarbeid, er kompetansegapet mindre. Dette gjeld mellom anna i regionar som Hallingdal, der reiselivet har stor verdi som næringsveg. Det er viktig å sjå på korleis ein kan få eit sterkare samspel og ei grunnleggande felles forståing av korleis reiselivet kan utviklast, både i kommunen og regionen. Distriktssenteret meiner det er eit behov for målretta kompetanseheving, som igjen kan styrke næringa si utvikling.

Rolleforståing og samarbeid
- Turistar vurderer det totale biletet av eit reisemål; både dei kommersielle tilboda som mellom anna overnatting, aktivitetar, servering, men også dei ikkje-kommersielle som stiar, løyper, tettstadutvikling og turistinformasjon, seier rådgivar ved Distriktssenteret Roar Werner Vangsnes.
Kommunane må vera medvitne sine roller som produkteigar, rammesetjar, utviklingspartnar og vertskap. Dei må bli endå betre til å forstå korleis destinasjonsselskapa fungerer i sitt området. På same tid er det viktig med samspel mellom alle dei ulike aktørane. Ei felles forståing for organisering og oppgåvefordeling er avgjerande for å utvikle eit heilskapleg reiseliv .

Etterlyst kommunalt engasjement
Case-studien syner at mange av verksemdene, 58 %, ynskjer kommunane som pådrivarar og utviklingspartnarar for reiselivet og i reisemålsselskapa, seier Vangsnes. Dette er positive signal for ein vidare prosess der reisemåls utvikling må skje i samspel mellom private og offentlege aktørar.

Behov for langsiktige heilskaplege strategiar
Fleire fylkeskommunar har etter kvart fått utarbeidd langsiktige strategiar for reiselivet. Dette er mellom anna gjort i nært samarbeid med reisemålsselskapa, utvalde verksemder og kommunar. Rapporten peiker på kor viktig det er å stille krav til at lokale reiselivssatsingar er forankra i vedtekne utviklingsstrategiar i destinasjonen og på fylkesplan. Forpliktande samarbeidsmodellar der ein får brukt engasjementet som eksisterar er viktig, og fører til betre utnytting av ressursar

Publisert: 16.06.2011    Endret: 16.06.2011