Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Erling Opheim, Kristian Bjørnstad og Eivind Brenna går føre som gode eksempel på korleis ein skal etablere og utvikle naturparkar. Statsråd Liv Signe Navarsete ga trioen ein forsmak på millionsatsinga, i form av ein sjekk på ein halv million kroner.

Erling Opheim, Kristian Bjørnstad og Eivind Brenna går føre som gode eksempel på korleis ein skal etablere og utvikle naturparkar. Statsråd Liv Signe Navarsete ga trioen ein forsmak på millionsatsinga, i form av ein sjekk på ein halv million kroner.

Nyhet

Milliongåve til parkplanlegging

Av: Oddrun Midtbø, 30.08.2011

Vågåseminaret 2011 starta med ein raus minister som delte ut 10 millionar kroner til planlegging av natur- og kulturparkar.

I januar var kommunal - og regionalminister Liv Signe Navarsete på studietur til ulike parkar i Sveits. Ho likte det ho såg. Under opninga av Vågåseminaret understreka ho kor viktig det er å støtte opp om eldsjeler og lokalt initiativ, og å sjå mulegheitene som ligg i vernestemplet.

Frå negativt til positivt

– Tidlegare var ein meir skeptisk til vern, no ser vi mange som klarer å snu negative haldningar til noko positivt, sa ho og ville bidra til å styrke utviklinga av lokale og regionale naturparkar. Innsatsen frå statsråden kom i form av ein millionsum til satsinga i 2012. Til stor applaus frå bygdeutviklarar frå heile landet, vart leiarane frå naturparkane i Valdres, Nærøyfjorden og Telemarkskanalen ropt fram; Eivind Brenna, Erling Opheim og Kristian Bjørnstad, fekk ein forsmak på milliongåva: ”500.000 kroner til utvikling av parkplanlegging for bulyst og verdiskaping i Norge”.

Parkane kartlagt av Distriktssenteret

Distriktssenteret har kartlagt to av regionalparkane; Nærøyfjorden og Valdres. – Dei har mellom anna henta inspirasjon frå liknande parkmodellar i andre land, og synt veg i lokal utviklingsarbeid, seier rådgjevar ved Distriktssenteret, Roar Werner Vangsnes.

Kva er ein regionalpark?

Regjeringa si definisjon av regionalpark: ”En regionalpark har som formål å sette i gang og å organisere regional utvikling ved å ta vare på og utvikle natur, miljø, kultur og menneskelige ressurser i regionen. Parkene kan fungere som gode supplementer til de statlige virkemidlene for vern”.

Parknytt for interesserte

Sekretariatsleiar for dei lokale og regionale parkane, Kristian Bjørnstad, legg vekt på at dette er ein samarbeidsmodell for lokalt og regionalt utviklingsarbeid. - Definisjonen vi nyttar er at det skal vere ein dynamisk, langsiktig og forpliktande samarbeidsplattform for lokalsamfunn, styresmakter og næringsliv med interesse for å ivareta og vidareutvikle natur- og kulturverdiar i eit definert landskaps- og identitetsområde, seier han. Interessert i meir informasjon? Sjekk Parknytt.

Publisert: 30.08.2011    Endret: 11.09.2011