Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

(Foto: Distriktssenteret)

Spørjeundersøking til næringsliv, kommunar og statlege verksemder

Auka bruk av videomøte og nettoverføring

Av: Lillian Hatling, 09.09.2011

For eit moderne arbeidsliv er det truleg avgjerande å ha tilgang på, og kunna ta i bruk, avstandsreduserande teknologiar som video-møte og nettoverføringar. Distriktssenteret har no sett i gang ei utgreiing om bruken av desse kanalane og kva som hemmar og fremjar auka bruk.

Spørjeundersøking til næringsliv og offentleg sektor

Vestlandsforsking fekk oppdraget med kartlegginga og skal setja i gang ei spørjeundersøking både i næringslivet og offentleg sektor i nær framtid. I offentleg sektor blir både kommunar og statlege etatar valde ut for å svara på spørsmål om bruken av den nemnde teknologien. I tillegg vil det bli gjennomført intervju med nøkkelpersonar i enkelte organisasjonar.

Gammal teknologi, for liten bruk

Videomøte er ikkje noko nytt, teknologien har vore tilgjengeleg i nærmare 20 år. Likevel har det vist seg vanskeleg å ta ut det potensialet som utvilsamt ligg der. Litt for mange har erfart at dyrt innkjøpt utstyr har støva ned og vorte for lite brukt. Bruken av videomøte har også klare nettverkseffektar der verdien av bruken er direkte knytt til tal brukarar.

Bruk av nettet til overføring av video er i høgste grad eit kjent fenomen; video er den mediatypen som står for den største delen av nett-trafikken. Men det er særleg i forbrukardelen av samfunnet teknologien har slått an og fått eksplosiv vekst. Bruken i arbeidslivet er langt mindre og også her er det eit stort unytta potensial.

Kunnskap i eit distriktsperspektiv

Kunnskapsoverføring og –deling er det sentrale utgangspunktet for Distriktssenteret, og det er denne dimensjonen sett frå eit distriktsperspektiv som er viktig for undersøkinga. For eit moderne arbeidsliv i distrikts-Norge er det truleg avgjerande å ha tilgang på, og kunna ta i bruk, teknologiar som video­møte og nettoverføringar. Men som med alle nettverksteknologiar må det vera både ein avsendar og ein mottakar. Difor er auka bruk også avhengig av at mottakarane kan nåast på den same teknologien. Undersøkinga Vestlandsforsking skal gjennomføra må difor også sjå på bruken og tilgangen hjå aktørar i dei sentrale områda, og ikkje berre i distrikta.

Viktig kartlegging for auka kunnskap

Enkle kartleggingar så langt viser at det er lite handfaste tal for bruk av videomøte og nett­overføringar i arbeidslivet. Det gjer at denne undersøkinga blir ekstra viktig, og det er avgjerande at dei utvalde både i næringslivet og offentleg sektor tek seg tid til å svara på undersøkinga som blir tilsendt.

”Kunnskap kryssar grenser”

Gjennom prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser”, finansiert av Transnova-programmet og samarbeids­partane i prosjektet, har Vestlandsforsking saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Lotteri- og stiftelsestilsynet og Teknologirådet sett i gang eit initiativ for auka bruk av videomøte og nettoverføringar. Erfaringar frå dette prosjektet, som starta hausten 2010, har vore viktige å ta med inn i arbeidet for Distrikts­senteret. Meir om ”Kunnskap kryssar grenser” finn du på nettsidene til prosjektet, http://kxg.no

Publisert: 09.09.2011    Endret: 09.09.2011