DIstriktssenteret og fagrådet er samla i Sogndal med det mål for augo å skape ein betre politikk for distiktsutvikling. (Foto: Distriktssenteret)
Nyhet
Politikkutforming med fagrådet
22.09.2011
Distriktssenteret med fagrådet er samla for å jobbe med innspel til den nye distrikts- og regionalmeldinga.
Distriktssenteret er blitt utfordra på å kome med innspel til den nye distrikts- og regionalmeldinga som skal kome frå Kommunal- og regionaldepartementet til våren. Alle tilsette frå dei tre avdelingane til Distriktssenteret er samla i Sogndal for å samle erfaringar og innspel til arbeidet. Med seg på møta er og Distriktssenteret sitt fagråd som er sett saman av folk med fagleg tyngde, frå heile landet, med fellesnemnar at dei er engasjert i utviklinga av distrikta.
Kunnskapskoblarar
I løpet av dei tre åra Distriktssenteret har eksistert, har rådgjevarane på Distriktssenteret samla mykje nyttig kunnskap om kva som fungerer eller ikkje fungerer innanfor distriktsutvikling. Dette skal no samanfattast til innspel til stortingsmeldinga som kjem ut våren 2012. -Distriktssenteret har hatt enorm betydning for regionen der eg bur og jobbar seier Ragnvald Storvoll, nestleiar i fagrådet og leiar for Dyrøyseminarsenteret. - Det er spanande å få mogelegheit til å jobbe saman for å gje innspel til ny politikk på denne måten fortset han.
Kritiske venner
Etter første møtet kjem etterlysingane; kva med det regionale perspektivet, tradisjonelle næringar, kjønnsperspektivet..? Kva resultat har omdømeskulen hatt? Spørsmåla er mange, men også deling av erfaringar rundt om i landet.
-Fagrådet er våre kritiske venner, seier direktør Halvor Holmli, og er spent på utfallet av diskusjonane som finn stad rundt om i ulike rom på Fosshaugane campus i Sogndal.
Publisert: 22.09.2011 Endret: 22.09.2011