Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Distriktssenteret oppmodar kommunar, eit utval statlege og private verksemder om å delta i undersøking.

Distriktssenteret oppmodar kommunar, eit utval statlege og private verksemder om å delta i undersøking. (Foto: Distriktssenteret)

Ber inviterte verksemder, kommunar og offentlege etatar om høg svarrespons

Delta i undersøking om videobruk

Av: Trude Risnes og Lillian Hatling, 06.10.2011

Kva må til for å bruke, og korleis auke bruken av videomøter og nettoverføring i arbeidslivet? Distriktssenteret, saman med Kommunal- og regionaldepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Innovasjon Norge, ønskjer meir kunnskap. Inviterte verksemder, kommunar og offentlege etatar blir oppmoda om å delta i spørjeundersøking.

Undersøkinga blir gjennomført av Vestlandsforsking, på oppdrag frå Distriktssenteret, og sendt til kommunane, fylkeskommunane, eit utval statlege etatar og private verksemder. No håpar vi på god respons, noko som naturlegvis er avgjerande for resultatet.

Det er ikkje berre Distriktssenteret som har interesse for undersøkinga: Kommunal- og regionaldepartementet, Fornyingsdepartementet og Innovasjon Norge støttar også opp om arbeidet og er interesserte i resultata. Les meir om dette i følgjebrevet ved å klikke på lenka i høgre spalte.

Resultatet av undersøkinga vert samla i ein rapport, som skal vere ferdig i januar 2012. Rapporten skal innehalde konkrete tilrådingar for å få til auka bruk av avstandsreduserande teknologi. Dette har særleg betydning for landkommunar og rapporten er tenkt å vere del av kunnskapsgrunnlaget for ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken, i 2012.

Takk for hjelpa!

 

Publisert: 06.10.2011    Endret: 10.10.2011

Relatert innhold
Tilhører tema