Harald Osa snakka varmt norske mat- og drikketradisjonar. La oss bli meir stolte, sa han (Foto: Roar Werner Vangsnes)
Nyhet
Norsk Drikke - ny festival for norskproduserte drikkevarer
Av: Roar Werner Vangsnes, 10.10.2011
Festivalen Norsk Drikke i Balestrand har som mål å bli ein årleg læringsarena, utstillingsplass og inspirasjonssamling for alle som er interesserte i norskproduserte drikkevarer som fruktmost, cider, fruktvin, øl, fruktbrennevin, akevitt og kornbrennevin.
Mat og drikke høyrer saman
Fram til i dag har vi snakka om mat og vin, sa kjendiskokken Harald Osa. Det er på tide å opne augene for alle dei gode norske drikkeprodukta vi har her heime, sa han. Og kombinert med god mat, kan vi gjere norske mattradisjonar endå rikare, og dermed gjere oss endå meir stolte, sa Osa.
"Workshops"
Eit viktig mål, er å kunne tilføre ny kunnskap ved produksjon av ulike drikkevare. Arrangørane hadde difor ein spennande fagleg tilnæring, fordelt på fem ulike typer workshops:
- Vin og Fruktmost v/vinkelner Merete Bø
- Norsk Mat og Akevitt, Norske Akevitters Venner v/ Per Harald Grue
- Paring av øl og mat! v/Aasmud Rinde og Margit Elise Karlsen Rinde frå Fjellbryggeriet
- Cocktails av norsk drikke v/Rune Andre Salomonsen frå Barakedemiet
- Cider- og fruktbrennevin v/Terje Meling, produktsjef Vinmonopolet
Det å kunne få ein endå sterkare bevisstheit til produkta sine, og samstundes lære nye ting rundt produksjonane, er viktig når ting skal vidareutviklast, seier Åge Eitungjerde ved Ciderhuset. Han arbeidd i fleire månader for å få dette til, og er glad for eit så stort oppmøte første året.
Prisutdeling
Under festivalen vart det levert inn 50 ulike drikkeprodukt til smakstesting og konkurranse fordelt på 27 produsentar. Norsk Drikke lanserte saman med NHO Reiseliv og Bondelaget, Fridjovprisen, for beste drikkeprodukt. Dette for å setje fokus på det å kunne vurdere innhald og smak på norske drikkeprodukt. den første Fridtjovprisen vart tildelt Arcus for akevitten Simers Oslo Aquavit
Festivalen samla kring 100 deltakarar frå heile landet. Både enkeltprodusentar av frukt og bær, større og mindre grossistar, frukt- og bærmottak og folk i restaurantbransjen. Ein festival i oktober, gir også ringverknader for lokalsamfunnet. Hotell blir fylt opp med gjester, det vert arrangert torgdagar i sentrum, og fleire konsertar og kulturarrangement kom i kjølvatnet av festivalen til beste for lokalbefolkninga. Viktige innslag som er med å styrka attraksjonsverdien ein region og eit lokalsamfunn.
Publisert: 10.10.2011 Endret: 18.10.2011