Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Rådgivar ved Distriktssenteret, Trude Risnes og forskar ved Møreforsking, Geirmund Dvergsdal, like etter lansering av funna i den ferske rapporten.

Rådgivar ved Distriktssenteret, Trude Risnes og forskar ved Møreforsking, Geirmund Dvergsdal, like etter lansering av funna i den ferske rapporten. (Foto: Oddrun Midtbø)

Nyhet

Rapport om regionale utviklingsaktørar på Vestlandet

26.10.2011

Den rykande ferske rapporten “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet” vart presentert av forskar Geirmund Dvergsdal på konferansen Vestlandsk Vidsyn på Voss.

Rundt 170 personar, med interesse for samfunnsutvikling, deltok på konferansen Vestlandsk Vidsyn på Voss 26. og 27. oktober 2011.

Vestlandet under lupa

Rapporten er skriven på oppdrag frå Distriktssenteret. - Føremålet er å auke kunnskapen om korleis regionale aktørar arbeider med bygde- og lokalsamfunnsutvikling, seier rådgivar ved Distriktssenteret, Trude Risnes, og legg til at det ikkje er ei kartlegging som peiker på «beste praksis». Målet er å synleggjere mangfald og forklaringsfaktorar for kvifor likskap og ulikskap, og ikkje minst eventuelle variasjonar mellom fylka.

Rapporten er basert på intervju av tilsette som arbeider med dette tema hjå Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

Sjå webversjon av rapporten Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet

Likt utgangspunkt, ulikt resultat

- Med utgangspunkt i at fylka får likelydande oppdrag frå departementa, der berre pengesummen er spesialtilpassa det einskilde fylket, har vi lagt vekt på å få fram i kva grad, på kva måte og kvifor arbeidsmåtane likevel varierer frå fylke til fylke, fortel forskar Dvergsdal frå Møreforsking.

Ulike strategiar i fylka

Dvergsdal set desse ulike klisterlappar på fylka;
Rogaland: Marginal og integrert del av „regional utvikling‟
Hordaland: Proaktivt, ”ei dør”-politikk i velutvikla partnarskap
Sogn og Fjordane: Tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt
Møre og Romsdal: “Ei-dør”-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt

Regionale aktørar gir større variasjonar

På nasjonalt nivå er det etter kvart blitt ein lang tradisjon for å stimulere og drive utviklingsarbeid innafor klart definerte program og satsingar som til dømes Utkantsatsinga, Miljøvenlege småbyar og tettstader, Småsamfunnssatsinga og Bulyst. - Det ser ut til å vere meir variasjon i måten dei regionale aktørane driv lokalt utviklingsarbeid på, hevdar Dvergsdal.

Forskar deler interessante funn

Det tydlegaste skilje går mellom Rogaland og dei tre andre. I Rogaland er ikkje bygde- og lokalsamfunnsutvikling eit eige tema, men kjem inn under det som blir definert som regionalt utviklingsarbeid.

- Vi finn to hovudskiljer i måten Vestlandsregionen driv bygde- og lokalsamfunnsutvikling på. Den eine handlar om å overlate initiativet til dei lokale aktørane, medan fylkesnivået tek rolla som støttespelar og delfinansiørar. Den andre inneber at dei regionale aktørane sjølve tek initiativ og driv oppsøkjande verksemd der dei sel inn verkemiddel som kompetanse, pengar og nettverk. Rogaland og Sogn og Fjordane er døme på det første, og Hordaland og Møre og Romsdal er døme på det andre, seier forskaren som meir enn gjerne deler funna i rapporten med interesserte samfunnsutviklarar.

Frå fragmentert til samordna

- Synet på bygde- og lokalsamfunnsutvikling er i ferd med å endre seg. Tradisjonelt har arbeidet vore oppdelt og fragmentert. Fylkesmannen, landbruksavdelinga, har drive med bygdeutvikling innretta mot landbruket, medan dei ulike avdelingene hjå fylkeskommunen har drive lokalsamfunnsutvikling ut frå kvar sine fagsektorar. Hordaland og Møre og Romsdal, i større grad enn dei to andre fylka, har aktivt gått inn for å samordne aktiviteten på tvers av avdelingene. I desse fylka samarbeider fleire avdelinger hjå fylkeskommunen og fylkesmannen om bygde- og lokalsamfunnsutvikling for på denne måten å stå fram som “ei luke” for brukarane.

Den viktigaste målgruppa

Fylkesmannen og fylkeskommunen peiker på kommunen som si viktigaste målgruppe for dette arbeidet. Arbeidsmåtane er på ulikt vis lagt opp til å levere kompetanse, gi støtte og legge til rette for lokale utviklingsprosessar. Vi veit lite om korleis kommunane oppfattar dette oppdraget, korleis dei opplever at det blir utført eller kva dei eventuelt ynskjer å endre på. Samstundes ser staten på kommunane som den viktigaste utøvaren i dette arbeidet, og regionalt nivå som den viktigaste medspelaren.

Nye spørsmål treng svar

- Vi har også peika på enkelte område der informantane meiner det ligg forbetringspotensiale når det gjeld det interne samarbeidet i det regionale apparatet og mellom aktørane.

Denne studien viser at det er behov for meir kunnskap på fleire område, seier forskaren og ramsar opp:
- Korleis opplever kommunane at arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling blir lagt til rette på lokalt nivå?
- Kva er det som hemmar eller fremjar samarbeidet internt og mellom dei regionale aktørane?
- Korleis samhandlar regionale aktørar i den “nye” regionale modellen med regional stat?

Publisert: 26.10.2011    Endret: 21.01.2012