Rundt alle bord gjekk praten høgt og engasjert; deltakarane delte erfaringar, tirps og råd med kvarandre. (Foto: Oddrun Midtbø/Distriktssenteret)
- Samtalar over bordet, ”kafédialog”, der folk deler og lærer, er ei form for organisering vi har god erfaring med, seier dei tilsette ved Distriktssenteret.
- Desse to timane er verdt heile konferansen! Deltakarar på Vestlandsk Vidsyn på Voss hadde absolutt sansen for denne forma for prosessjobbing.
Konkret gevinst
Deltakarane vart på førehand utfordra til å sende inn problemstillingar dei slit med i kvardagen. Desse vart tema rundt dei ulike borda. Mange gode innspel og forslag vart notert på arbeidsarket, som deltakarane tok med attende til bygda. Både måten å jobbe på og innspela dei fekk frå andre ulike miljø, gjorde at dei fekk med seg noko heilt konkret i bagasjen – i tillegg til dei mange føredraga og utvida kontaktnett av andre samfunnsutviklarar.
Samhandling gir læring
- Tovegskommunikasjon og samhandling mellom menneske skaper læring, og er ei svært engasjerande form, seier rådgivar Trude Risnes.
Oversikt over føredraga frå Vestlandsk Vidsyn 2011.
Neste år er det Sogn og Fjordane som skal arrangere konferansen Vestlandsk Vidsyn.
Publisert: 31.10.2011 Endret: 09.11.2011