Ein engasjert Landbruks-og matminister vil gjerne ha tilbakmeldingar frå folket på landbruksmeldinga (Foto: Roar Werner Vangsnes)
Den 2. desember vart stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken lagt fram i Stortinget. Ei fyldig melding som regjeringa meiner skal vidareføre satsinga på landbruk over heile landet.
Ynskjer diskusjon
Landbruks- og matdepartementet med statsråd Brekk i spissen, er oppteken av å få tilbakemeldingar frå heile landet. Difor besøker dei fire stader før jul og to nye plassar like over nyttår. Vi var med på folkemøte i Førde, der kring 150 var møtt fram til dialog og debatt.
Ein meir framtidsretta eigedom- og bustadpolitikk
Storingsmeldinga har eit eige kapittel om framtidig bustad- og eigedomspolitikk. Store endingar i landbruket dei siste tiåra. Særleg utfordringar ser ein i område med større marknader og nedgang i folketal, og det er viktig at verkemidlane kan nyttast ulikt i distrikt og byormråde.
Rekrutteringsutfordringar
Det er liten tvil om at ungdommen må stimulerast inn i landbruket i mykje sterkare grad, sa Brekk. Difor har ein den nye meldinga satt eit ekstra fokus på korleis ein kan få fleire til å overta bruka. Ungdom har mange fleire valmulegheiter i dag, og dette må også tilpassast det landbruket som vi skal ha i framtida, sa statsråden.
Volumproduksjon og bygdenæringar
Det kom fram mange spørsmål frå fleire i salen denne kvelden. Leiar i bondelaget på Eid, Knut Tore Hjelle valde å tolka meldinga positivt. Då legg vi press på deg minister, sa han i innspelet sitt. Lokallagsleiaren var oppteken av korleis volumproduksjonen kan oppretthaldast og forsterkast inn i framtida. Lars Peder Brekk var heilt klar på at volumproduksjonen skal og må forsterkast. Statistikken syner at innan 20 år, vil vi passera 6 millionar menneske i Norge. Det betyr at produksjonen skal opp med 20 prosent. Samstundes var ministeren svært oppteken av at ein landbrukskretsane og på bygdene må slutta å stigmatisera ulike typar bruk. Dei nye bygdenæringane har vore og er viktige supplement til det volumbaserte landbruket. Fleire stader vil ulike former for tenesteproduksjon på garden også vera hovudinntekta. Dette har stor betyding for den distriktspolitikken vi skal vidareføra i åra som kjem, sa han.
Samhandling mellom departementa
Landbruks- og matministeren er heilt klar på at landbruket åleine kan ikkje løyse dei utviklingsmoglegheiter som distriktslandbruket står framfor. På oppfordringa frå Distriktssenteret vil han difor vera i nær dialog med nye distrikts- og regionalmeldinga, som er under oppsegling. Kommunal- og regionaldepartementet vil ha den nye ”distriktsmeldinga” klar ved utgangen av 2012.
Publisert: 14.12.2011 Endret: 14.12.2011