Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane

Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane (Foto: Stein Magne Os)

Nyhet

Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane

Av: Inga Marie Skavhaug, 19.01.2012

Rapporten ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane” er ein regionalisering av det nasjonale prosjektet Eit kunnskapsbasert Norge. Vestlandsforsking gir i rapporten ein oversikt over viktige perspektiv og vurderingar som vil vere sentrale for korleis fylket utviklar seg i tida som kjem. Sluttrapporten vart presentert på Skei i slutten av forrige veke.

Vestlandsforsking gir i rapporten ei oversikt over viktige perspektiv og vurderingar som vil vere sentrale for korleis fylket utviklar seg i tida som kjem.

Trendar og utfordringar

Sogn og Fjordane blir prega av sentraliserande krefter og unge menneske flyttar frå fylket. Eit kunnskapsbasert næringsliv bidreg i tillegg til at trendane forsterkar kvarandre.

Dagens samfunnsutvikling skapar nye utfordringar, men også moglegheiter for Sogn og Fjordane.

Strategiar for å snu trendane

Rapporten skisserar fire hovudstrategiar for korleis ein kan snu trendane for å få vekst, tiltrekke seg innbyggjarar, kompetanse, næringsliv og auka langsiktig verdiskaping.

Faktorar som vert nemnt er mellom anna bustadkvalitet, næringsliv og kunnskapsmiljø. I tillegg vert samarbeid og digital samhandling framheva som viktig for å kompensere for storleik og avstandar.

Kunnskap er viktig

Kunnskap er viktig for å kunne ta gode val i lokale og regionale utviklingsprosessar. Rapporten gjer ein rekkje innspel til tiltak og strategiar for å snu utviklinga og halde på innbyggjarar, kompetanse og næringsliv og skape langsiktig økonomisk vekst. Det er i tida som kjem opp til Sogn og Fjordane og tenkje ut kva for utvikling dei ynskjer.

Publisert: 19.01.2012    Endret: 06.02.2012

Relatert innhold