Jostein Røyseland viser fram profileringskatalogen for Kvinesdal (Foto: Roar Werner Vangsnes)
Kvinesdal kommune har nettopp gjennomført ei innbyggarundersøking som viser at kommunen sitt omdømme blant innbyggarane, er blitt styrka i perioden 2009 til 2011.
Vi møter kommunalsjef Jostein Røyseland på rådhuset i Kvinesdal. Han er godt nøgd med resultatat frå innbyggarundersøkinga. Det viser at vi er på rett veg når det gjeld det langsiktige og viktige omdømmearbeidet som kommunen har satt i gang. Omdømmeskulen i regi av Distriktssenteret har vore til inspirasjon for oss, og ikkje minst når vi skal ta det vidare ut til innbyggarane.
God tiltru til lokale politikarar
I mange kommunar er det ofte for liten tiltru til dei som stiller opp som folkevalde. Det er positivt at innbyggarundersøkinga viser ein auka tiltru til lokalpolitikarane gjennom dei siste to åra. Faktisk har Kvinesdal det beste resultatet som er målt i landet. Vi har kanskje vorte flinkare til å kople administrasjonen og lokalpolitikken inn i fleire av dei prosessane som pågår i kommunen. Dei folkevalde får meir tid til å setje seg inn i ulike saker, og der med kan det vera ei av årskane, seier Røyseland. I tillegg har vi klart å mobilisere til folkemøte med stort engasjement, når nye til dømes kommunedelplanar og reguleringsplanar har kome på dagorden.
Vurdere eigen "innbyggarkonsulent"
Vi er opptekne av å styrke arbeidet med involvering av innbyggarane. Difor er det vurdert å tilsetje ein eigen innbyggarkonsulent i kommunen. Frå administrasjonen si side, der vi på dette som svært positivt, og håpar at at kommunepolitikarane er med å prioriterer dette vidare, seier Røyseland.
Publisert: 04.01.2012 Endret: 04.01.2012