Fagområde: Stedsutvikling

Sveits lærer Noreg bygdeutvikling

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Lokal mobilisering og forankring er viktig for å lukkast med langsiktig bygdeutvikling. Regionalparkane i Sveits er komne langt i dette arbiedet.

Lokal mobilisering og forankring er viktig for å lukkast med langsiktig bygdeutvikling. Regionalparkane i Sveits er komne langt i dette arbiedet.

Regionalpark – ein måte å jobba med bygdeutvikling på

Regionalpark som modell for utvikling handlar mellom anna om å kople naturverdiar, kulturverdiar, det multifunksjonelle landbruket, berekraftig reiseliv og ikkje minst ein heilskapleg og framtidsretta lokalsamfunnsutvikling.

Sveits har kome langt i arbeidet med regionalparkar, og Pfyn-Finges er ein av 14 etablerte regionalparkar i Sveits. Alpelandet har jobba aktivt med sin regionalparkmodell, og er kome lengre enn Norge i få til eit langsiktig samarbeid mellom regionalparkane og dei regionale og sentrale styresmaktene.

Viktige punkt i arbeidet med regionale parkar er:

  • Lokal mobilisering og forankring er avgjerande for å lukkast – «bottum up» tankegang.
  • Tradisjon og lokal kunnskap er viktig – alle parkar kan noko om sitt landskap.
  • Regionalparken må vera ein kombinasjon av natur og kultur, og ha basis i eit avgrensa landskapsområde.
  • Ein regionalpark er ein «landingsplass» for ulike aktivitetar.
  • «Soft parts come first» – viktig at det ikkje kun blir fokus på økonomi i starten, dette vil koma i eit langsiktig perspektiv. For lokalmiljøet er det likevel viktig å levera resultat på kort sikt.
  • I reiselivssamanheng kan regionalparkar ta ein viktig posisjon – nettopp ved å få eit sterkare fokus på samanhengen mellom reiselivsutvikling og lokal samfunnsutvikling.
  • Finansieringa av regionalparkar må vere forutsigbar.

Noreg lærer av Sveits

Punkta over kom fram og vart diskuterte under ein studietur til regionalparken Pfyn-Finges i Sveits, Representantar frå Kommunal og Regionaldepartementet, Direktoratet for naturforaltning, Distriktssenteret og foreinga Norske Parkar deltok. Studeituren var i regi av sistnemnde, den og ga  inspirasjon til å tenke vidare på dette blant både sentrale og lokale styresmakter og eldsjelene som var med frå lokalsamfunna.

Langsiktig utviklingsprogram for Norske regionalparkar?

Verdiskapingsprogrammet for norske lokale og regionale parkar – i regi av KRD – held fram i 2013. 10 nye millionar er sett av i statsbudsjettet.

Distriktssenteret ynskjer å trekkje fram at det er viktig å styrka interdepartementale koplingar i det vidare arbeidet med utvikling av regionalparkar. Ei moglegheit for vidare satsing kan vere å bygge opp eit eige program over fleire år, som bygger opp under det arbeidet som ein ser veks fram i Norge. Her er miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet i ferd med hauste nyttige erfaringar frå verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar.

Stikkord: